tirsdag 5. mai 2009

Fladhammer - Saue- Skildheim - Tadla

Så var vi i gang, desse to møtte oss rett opp i vegen frå Fladhammer, og dei måtte sjølvsagt fotograferast.


Vidare gjekk me forbi Holen, eller Steinane som det heiter der

Lenger oppe i vegen trefte me på ein gammal frukthage, så det spørs om det ikkje har vore ein husmansplass der frå gammalt.


Som me ser er det skugge så sola skin sjølv om regnbyene går rundt oss


Og me fekk no smake dei me og, men me toler vatn , så det gjorde ingen ting

Me gjekk inn til Skildheim og snudde, beundra dei fine dyra , der var det både store og små



Kaffi og met må til , og me fant oss ei lun krå i ly for regnet, der sat me til sola skein att, så vandra me vidare ned forbi Tadla der det var vorte ein heilt nydelig hage





Vidare nedover og såg på fruktblomstring

Bles godt gjorde det,
men alle var enige om att det hadde vore ein fin tur

Ingen kommentarer: