tirsdag 19. mai 2009

Eikjastrondi

Turen denne dagen gjekk til Eikjastrondi. Frå vegen utom Svåi ser vi Nes og så er det vel Bolstadnåsi langt der inne i fjorden. På denne turen var Edith og Jon Halveg med og fortalde om vegen og livet her, frå den tida Edith vaks opp på Svåi.
Vegen til Eikjastrondi har ikkje alltid vore der. Før den kom var det gongeveg, og nokre stader er denne endå brukande som turveg. Ein gong var dette skuleveg for ungar og ferdselveg for alle som ferdast frå og til ytre Eikjo. Pila syner at her startar gongevegen.
Her er oppstigninga ganske bratt. Nede til venstre ser ein bilvegen. Korleis var det å ferdast her i snøver og holkeføre?
Tungt å komma opp.
Pust i bakken.
Vegen går innunder fjellsider. Var her mykje isjuklar om vinteren?
Ein liten pustepause og tid til å studere Kroken på hi sida av fjorden.
Mot Kroken
Og innover fjorden
Ingeborg Lingjerde er godt kjend i Kroken og omegn og peikar ut og fortel.
Og så var det ein stad med rennande vatn. Er ikkje dette idyll?
Mange bratte økter krev ein pustepause.
Og her er me komne til Svåi. Her budde Edith då ho var lita.
Huset på Svåi.
Vi gjekk videre, i retning mot Gaupne, og nok ein idyllisk bekk dukka opp. I område her er det mange gardar i Gaupne som har teigar.
Same bekken nedom "brua".
Her er tufter etter ein husmannsplass.
Nedlagt gardsbruk. stovehuset er borte. Her budde ein gong fam. Bukve.
Og merkeleg nok var det endå ein bekk med ein fin høl.
Denne dagen var svert lærerik. Verkeleg ei oppleving.

Ingen kommentarer: