torsdag 10. oktober 2013

10.10.3013. Tur til Bondehaug på Mollandsmarki.

Torsdag den 10. Oktober 2013.
Tur til Bondehaug på Mollandsmarki, Hafslo.
Etter fleire dagar med regn og vind var det berre heilt supert å få ein dag med strålande sol og perfekt haustver. Turen starta frå Krossen på Mollandsmarki, litt nedover vegen og så til venstre. Vi starta på ca 500 m.o.h og gjekk til Bondehaug som er 725 m.o.h. Dette er ein fin tur, ikkje veldig bratte parti men jevn stigning på bra sti eller skogsveg. På vegen er det idylliske parti og praktfull utsikt.









 Bondehaug i sikte.
 Siste kneika.
 Utsikten mot Molden. Mot Feigum bakerst.
 Indre Hafslo.
 Indre Hafslo, Råum, Engjadalen og bakover

 Varmt og fint i sola.
 Brunost på maten.
 Mot Heggmyrane.
 Klar for heimtur, Me skimtar Ornes og fjorden utover.





Ingen kommentarer: