tirsdag 7. august 2012

07.08.2012 Veitastrond Eldedalen

Tur til Eldedalen på Veitastrand
Nok ein tysdag med perfekt turver. Og denne dagen vart det tur til ein heil ny stad for oss. Ved enden av Veitastrandsvatnet tok vi av til venstre, forbi nokre gardar, over ei bru og litt heimover på andre sida av vatnet. Der ligg Elda, vi parkerte og gjekk derfrå.


Frå Elda. Veitastrand i bakgrunn.

Stølshus og løer på Elda.

Elda mot Veitastrand.

Eldøyna, stort flatt område.

Eldøyna og heimover Veitastrandsvatnet.

Litt opp i bakkane ser vi Elda, vatnet og bygdi.
Traktorveg oppover, fin veg til gåtur.

Fint skilt men trur ikkje det har med snø å gjera.

Oversikt over noko av bygdi.

Ferdig med bakkane og Eldedalen dukkar fram.

Siste glimt av vatnet for ei stund.

Kvileplass?

Lang dal innover. Her kjem vi til Fjærland om vi held fram ei stund.
Litt vatn i bekken.

Idyll langs vegen.

Gamle sel midt i steinrøysane. Kom steinen eller sela først?

Fleire sel.
Dette selet var vel best i stand, vil eg tru.

Frå stølsområde.

Litt forbi stølane. Terrenget går i bølger innover dalen, og det er langt innover.

Her har det vore stor grad av gjenbruk av mangt slags materiale.

På heimveg langs Eldaelvi.

Dalen forsvinn bak oss.
Planteliv i ei grøft.

Eldøyna og Veitastrandsvatnet.

Veitastrand og innover dalen.

Frå utstillinga og bruktbutikken til Marit Vøien Nes. Her var mykje fint utstillt. Og her slutta turen vår for denne gongen.

Ingen kommentarer: