tirsdag 5. juni 2012

05.06.2012 Nes

Nes var startpunkt denne dagen, 11 damer og 2 menn hadde møtt opp. Me parkerte på Campingen og tok beina fatt, mange nye hus var det komme sia sist me gjekk der, litt diskusjon om kven som budde der vart det, noko viste me ,men ikkje alle. Ved første kryss vart det diskusjon om kva veg me skulle gå, oppover eller utover,det vart fleirtal for å gå utover Råaberget.
Ein fin tur utover der vart det, men den var kort, så me snudde og gjekk eit stykke innover att, der det gjekk ein sti rett oppover, der delte me oss, 3 stk fortsatte innover til dei trefte att vegen som gjekk oppover, og resten tok fatt på oppstigninga. Når me fann att vegen fortsatte me nedover eit stykke og tok matpause, og når me starta att gjekk me berre rundt ein sving, der satt dei som hadde gått oppover vegen.

Dei første me møtte.

Hestane var her i år og, men no gjekk dei bak eit eletrisk gjerde.





Me vandra utover oppe i Råaberget.

Tett skog var det,

Artige figurar

Og jammen veks dei sjølv om ho Dagmar har lagt dei med rota i veret .

Og så vart det utsikt.

Jammen ser me Råatunellen og.

Og så var det slutt på vegen.

Me må nyta utsikten



Molden og Eikjastrondi

Og her kan ho Marie sjå heim att.

Her må ein sei naturen har lagt til rette for vegbygging

Her kjem me ikkje opp.

So bar det oppover bratta

Her har hjorten vore.

Rotvelter er det over alt.

Og artige treformasjonar.

So var me på vegen att, og starta på nedstigninga.

Raritetar er det over alt.

Kalvane låg på plass når me kom nedatt og.

Når me kom ned att vart me møtte av ein heil flokk med killingar.

Og så var vi ved fjorden att, og som vanleg var alle fornøyde.

Ingen kommentarer: