søndag 6. mai 2012

1. Mai. Tur i Solvorn.

Tysdag den 1. mai.
Veret var heilt perfekt og vi nytta dagen til tur. Vi gjekk frå Rv 55, krysset til Solvorn, nedover gamlevegen, videre utover mot nye vegen, ned til store svingen og utover skogsvegen.
Men så er det store problemet. Bloggsjefane har endra heile systemet og dei har jo ikkje sans for avgrensingane i folks kapasitet i toppen. Så her kjem bileta hulter til bulter, og nokre kom ikkje.


 På tur ut skogsvegen har Dagmar laga portal.
 Utsikt mot Urnes.
 Og så har ho Dagmar ordna klatrestativ på vegen.
Sola skin i ein liten vasspytt. 
 Ei elv litt uti skogsvegen.
 Nedover gamlevegen.
 Gamlevegen.
 Øverst på gamlevegen. Her er ganske høgt utover. Restar av gammalt smijernsrekkverk.
 På strekninga ut mot nye vegen står denne støtta, eller gravstein. Litt usikker på kva slags stein det er. Dagmar har rydda litt skog men her, men korkje ho, skogsarbeid eller brøytebil har gjort skade på viktige kulturminne.


Ingen kommentarer: