tirsdag 25. oktober 2011

25.10.2011 Bruheim - Sønnesynstølen

Indre Hafslo, Fruli – Oppheimshaug. grusveg. Sto det på lista, men denne dagen var det sol, og med så lite sol som me har hatt denne sommaren kunne me ikkje gå på skuggesia.
Derfor vart turen ombestemt, me kjøyrde ein tur bort i Fruli og der sto Helga å venta, og ho hadde eit godt forslag, Sønnesynstølen! Og det vart det.




Me parkerte bilane ved Sønnesyn Sag og tok beina fatt
Snart vart det motbakke

Stille vatn

Var det Trollkost denne heitte

Kva gjere alle damene her?


Ei som vart ringt etter, og kom som eit skudd!

Vatn er fint, når det ikkje kjem ned "from oven"

Me såg både nye og gamle hytter


Og bratt var det

Fine steinar,

Ja til og med til å sitta på

Og sola skin

utsikt mangla det ikkje på





Her ser me ratt innatt i Råaberget

Og på Råum


So var me oppe og det smakte godt med kaffi og mat i solveggen

Eit gruppebilde måtte me ta

Me måtte no sjå oss litt omkring på selbøen







På skuggesia låg snøen


På veg heim trefte me ein orm som låg å sola seg midt i vegen

Og eit sauekadaver
Og til slutt eit siste bilde frå den fine utsikten, kan ein ha det bedre!

tirsdag 11. oktober 2011

Tysdag den 11okt 2011 Krossen - Sie

Også denne tysdagen vart turen ein litt annan enn den planlagde.
Det var meiningen att me skulle gå frå Krossen til Bondhaug, men på grunn av att snøen var kommen oppe på Bondhaug vart det frå Krossen og grusvegen ut til Sie, me starta i gråvær, men det tok ikkje lang tid før sola skein, og fotograferinga vart heilt gløymd, det var berre å nyta sola, Ved mølla på Sie vart det ein liten kaffipause før me sette turen innover att, Annemor var på hytta og venta på oss, så der vart det meir kaffi og nydelige skulebollar.









tirsdag 4. oktober 2011

Tysdag den 4 okt Tadlagjerdet - Kolstad

Turen Urnes- Kroken, vart utsett på grunn av svært dårleg vær, det regna ikkje med måte.
Men for 4 spreke damer var været ingen hindring, tur må til når det er tysdag, og sidan det var ein tur der me skulle "innøve" vart det Dalsdalen inne i Luster,
Der stoppa me på Tadlagjerdet og gjekk grusvegen opp til Kolstad, der det sto ei liti "hytta" som vart nytta til tak over hovudet medan kaffi og nista vart fortært.
Bilder er det dårleg med frå denne turen men eg legg inn eit frå Kolstad teke nede frå dalen.