tirsdag 4. oktober 2011

Tysdag den 4 okt Tadlagjerdet - Kolstad

Turen Urnes- Kroken, vart utsett på grunn av svært dårleg vær, det regna ikkje med måte.
Men for 4 spreke damer var været ingen hindring, tur må til når det er tysdag, og sidan det var ein tur der me skulle "innøve" vart det Dalsdalen inne i Luster,
Der stoppa me på Tadlagjerdet og gjekk grusvegen opp til Kolstad, der det sto ei liti "hytta" som vart nytta til tak over hovudet medan kaffi og nista vart fortært.
Bilder er det dårleg med frå denne turen men eg legg inn eit frå Kolstad teke nede frå dalen.




Ingen kommentarer: