Tysdag 16 august.
Tur til Austerdalen på Veitastrand.
No veit vi at tysdagsveret er fint same kva Gislefoss og co seier, det vart lettskya og glimt av sol.
Emma Maria er med bestemor på tur for første gong.
Lett kupert terreng i starten og haustfargane har så smått synt seg.
Ein liten pustepause.
Og dette skiltet dukka opp.
Her er større flate enn det ser ut til.
Idyllisk parti frå stien.
Heilt flatt i botn av dalen.
Litt vatn her og der men rikeleg med stein å gå på.
Slik vert det meir variert terreng, litt opp og litt ned, og litt utsikt.
Den eine fekk namnet Steinar.
Heimover dalen.
Kjempestein midt på flata. Ligg på skakke men vi får tru den ligg støtt.
Og slik ligg den frå andre kanten. Og rundt ligg det mykje stein som ser "nysprengt" ut, altså steinras av "nyare" dato, kanskje.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar