søndag 27. september 2009

21.09.09 Tur til Røyteholet, Indre Hafslo

Denne tysdagen er det tur til Røyteholet, Indre Hafslo. Dagen starta med dårleg
vermelding, men i dag har han Kjell lova oss fyr på peisen og god varme i selet.
Vi køyrde til Oppheim og Sjåflat, og videre mot Brekka, og parkerte der.
Vi var bra utrusta med regnkle, men då vart det blå himmel og solgløtt.
I veggrøfta oppover låg det fine steinar med "mønster"
som syner ulike lag som ein gong har vorte pressa saman av isen.

Og ein til med andre fargar og mønster.


Innimellom grusen på vegen fann vi desse små soppane.
Dei var 2-4 cm i diameter og er vel ein type begersopp



Mykje rogneber på trea.


Vegen endar her oppe og sti går videre opp mot skare til venstre.


Og så eit parti med bratt og steinete veg.


Etter ei stund kom vi opp til flatare terreng og fin utsikt mot Røyteholet og vatnet.



Det har regna mykje i det siste og vatn er det over alt.




Gamalt sel.



Selet hans Kjell. Her var varmt og godt.
Nistemat og kaffi var godt attmed varmen, og medan vi åt plaskregna det ute.


Selet hans Kjell frå andre sida.
Då vi kom ut etter matpausen var det sol att.



Nokre av dei andre sela.


Utsikten frå selet.
Jostedalselva omlag ved Stegagjerde.
Regnbogen syner at her er både sol og regn.

Vi skimtar Røneidsstølen (vårstølen)


Utsikt mot Jostedal.



Mot selet. Nydelege haustfargar.


Utsikt frå Røyteholet mot vatnet.
Stien går borte til venstre og nedover der linja går.


Og her går stien nedover att.


Og så er det slutt på denne turen. Bilane står rett her nede.
Stølen Brekka ligg opp til høgre.




















søndag 20. september 2009

Tur til Rebni, Skjolden 14/9 09

Tysdag den 14 september. Fin haustdag, sol og NYDELEG ver.
Vi var 13 stk. på tur til Rebni på Skjolden.
Vi køyrde mot Mørkridsdalen og parkerte i krysset der vegen tek av til Bolstad.
Vi ser her garden Heltne og skimtar Rebni lengre inne oppe til høgre.
Vegen startar ved garasjen her og vi ser Heltne opp til høgre.

Godt samarbeid mellom dogg, sol og flittige edderkoppar vert til reine kunstverk.


Fin "hekladuk". Ser ut til at edderkoppane er fortrulege med luftmaskar.



Opp til Heltne var her grusveg, men videre oppover var det blanding av grus og gras.
Fint å gå på men dette har og vore køyreveg. Her ser vi nedover mot Bolstad.


Fantastisk utsikt over Skjolden, Lusterfjorden,
Molden og kanskje er det Bleia lengst bak.

Raud glinsande sopp lyste opp i vegkanten. Kanskje heiter denne Storkremle?


Og så er vi komne til Rebni. Her bur det ikkje folk no,
men husa vert brukt om sommaren og vert godt passa på ser det ut til.


Godt med ein matpause. I bakgrunn ser vi den andre garden på Rebni.


Her kan ein ikkje klaga over utsikten


Her går vegen bort til neste gard.


Vi tek turen bort for å sjå her og. Her er fem bygningar, og murar etter 2-3 hus til.
Husa her er og i bruk som sommarhus.


Her er restar etter stabbur (kanskje) og eit større hus bakom.


Her er og eit bustadhus og stabbur. Har her vore ein til gard?


Dette treet syng på siste verset.


Attende til første garden. Vi gjer oss klar til heimtur. Garden Rebni ligg ovanom
Skåri og vi lurde på om det gjekk veg direkte ned dit.
Etter div. meldingar, tlfsamtalar og litt prøving fann vi ut at det var tryggast
å gå vanlege vegen nedatt. Var attvokse og vanskeleg å finne vegen,
og korte bukser og brennesle er dårleg kombinasjon.

Raud flugesopp er fin å sjå på men giftig.


Frå vegen ser vi ned i Mørkridsdalen og til Skåri.


Vi gjekk og forbi ein anna nedlagt gard. Flaten. Nokre av oss tok turen bort dit,
men her var litt trøblete å komma fram.


Vegen til Rebni er ganske bratt og går i svingar att og fram.
Her er vi mest nedattkomne og svert fornøgde med turen og veret og heile dagen.






Tur til Åsen i Dalsdalen i Luster.

Tysdag den 7/9 og vi dreg på tur att. Denne gongen er målet Åsastølen i Luster.
Men på grun av "misforståing " om vegen kom vi oss ikkje dit.
Men vi fekk likevel ein fin tur, og det på ein stad der fleire ikkje hadde vore før.
Det var skya opphaldsver då vi starta men etter kvart kom det regn,
merkeleg i grunnen for det skal jo ikkje regna på tysdagar.

Vi starta på Haugane og gjekk oppover vegen til Åsen.
Her er utsikt framover Dalsdalen.
God grusveg å gå på.

Fjellknausane heng utover vegbana.


Og her eit sidesprang, same fjellknausen i vinterdrakt ein kald dag i januar



Dalen. Nedlagt gardsbruk.




På veg oppover. Vi ser Åsen langt oppe.



Eit lite steinhus, Har dette vore kvernhus?
Det renn ein bekk under.



Åsen.



Utsikt frå Åsen.
Vi ser ned i Dalsdalen og Lusterfjorden og Sørheimsfjella bakom.



Firbeinte møtte vi også her.




Eit stykke forbi husa på Åsen ser vi innover Framdalen mot Kilen
og Kolstad oppe til høgre.


Fin veg med litt grus og gras, og folk og fe på tur.


Denne soppen såg vi fleire stader og den lyser fint opp mellom grus og gras.
Den heiter truleg Oransjebeger og er frå ein til ti cm i diameter.


Og så kom regnet.



Regn og bekk høyrer med.


Matpause under tak.


Her var og eit tek.


Nærbilde av stein syner fin fargekombinasjonar
som ein kanskje ikkje legg merke til på avstand.


Sameleis med mose og små haustblomstrar.


Attende til bilane kan vi sjå Åsen langt oppe. Der var vi.
Ein fin tur, frisk luft og god trim er ikkje å forakte.