Me fekk sjå eit gammalt steinhus som dei dreiv og reparerte på, etter som Rita hadde hørt skulle det byggast sammen med det nye huset, me får ta turen ein annan gong å sjå korleis det vert. Det er snakk om å gå same vegen seinare på året, og då gå heilt på Flatningane.
Det var mange hestar der og det er no flotte dyr, men så skulle me ha oss ein rast for å drikka litt, og Rita sett seg på ein stein , men kom seg rimelig fort opp, for under den var det ormebol. Berit hadde fotoaparatet klart og fekk knipsa den siste som sklei på plass.

Og etter å ha gått 2 timar (bilde på start var teke 10.45 og her 12.46) var det tid for mat, me fant oss ei mark der det ikkje var steinar, så der følte me oss trygge for orm, kaffi og mat vart funne fram , neste tur vart diskutert, og det vart bestemt Mollandsmarka må besøkast i år og, planen er å gå frå kvernhuset og ut til Fevol.
Så var me ved utgangspunktet, kunne nyta utsikten frå den nye rasteplassen på Nes, og som me slutta slilane med før i tida.......alle var einige om att det var ein fin tur.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar