søndag 23. november 2008

Den 6 juni 2008

Denne turen gjekk i Gaupne, me kjørte fram til Skytebana og gjekk vidare framover til det ikkje var sti lenger, og me såg bort på Leirmo på andre sia av elva.


To elvar som møtest, artig å sjå fargeforskjellen.
Her ser det ut som det er ein fin plass til kaffi og matpause.


lørdag 22. november 2008

Den 27 mai 2008

Denne turen starta ved Dale kyrkje inne i Luster, me gjekk forbi Hammarslott , Bakkahaugen og opp i Langeteigen der det er vorte nye hus


Om me ikkje hadde gått so langt, so var det bratt og heitt, og rett godt å få settja seg ned å ta ein pause.
Marit hadde kokt kaffi, og me kosa oss rettleg i solskinnet

Etter ein god pause vandra me vidare opp i Urnane der det vart nok ein kaffipause,

Nedatt gjekk me om Krossen og ned Helagota , og jammen vart det kaffi på Lustrabui og.

Den 20 mai 2008


Denne dagen gjekk turen med bil til Luster og fram på Tadlagjerdet i Dalsdalen, der starta me og gjekk fram i Kilen, fin grusveg utan dei store bakkane.
Mange sel og fine murar gjekk me forbi.
Me kom ikkje heilt fram i Kilen for der var det hengelås på grinda, nokon var det no som klatra over muren, men dei fleste snudde og gjekk heim att.


søndag 16. november 2008

Den 13 mai 2008

Denne turen starta på Øygarden midt i Dalsdalen inne i Luster, og me gjekk på grusvegen framover dalen.
Det var mykje å ta bilde av , her kan me skimta Kolstad i det fjerne og mange hadde nok som mål å komma seg opp dit,

Her ser me Sage

Under ser me Tadlagjerdet med Kolstad på hylla der oppe.

Me gikk over den gamle brua , og så var det å ta bakkane fatt ,
med ein matpause på vegen gjekk dei fleste opp til Kolstad.


Den 6 mai 2008

Også denne dagen gjekk turen på Mollandsmarka, men i dag går turen frå kvernhuset og ut til Fevoll

No var vårløysinga i full fart, og i vatnet krydde det av padder,
Når me var kommen til vegs ende var utsikten ned i Solvorn heilt fantastisk og det var berre å stille seg på rekke for å fotografera



Den 29 april 2008


Denne dagen gjekk turen frå Krossen på Mollandsmarka og til eit gammalt kvernhus som er restaurert. Her var det fortsatt snø på markene , men me ser av alt vatnet att våren er i annmarsj her og




Den 15. april 2008

Første turen i 2008 gikk frå Engadalen og ut på Råum




Det var flott utsikt og våren kjem tidlig her oppe,

lørdag 15. november 2008

Gåturar 2007




I mai 2007 starte Luster revmatikerforening opp med gåturar kvar tysdag.

Brev med innformasjon vart sendt ut til alle medlemane våre, med Berit og Annemor som kontaktpersonar.

Første tur gjekk i Gaupne, me starta fint og forsiktig med å gå på grusveg fram i Grindane, første turen vart Berit og Annemor aleine, men det tok seg fint opp, og det har vore ganske mange som har vore med på turane.

I juni flytta vi oss innover fjorden , Kilen var første turen der.

Men no var formen so god at me ville ta fatt på litt meir krevjande tur ,og i juni var det no rett fint vær og, så det vart frå Harastølen til Røssesete.

Neste var opp i Skåri i Mørkridsdalen.

Så tok me turen opp gamlevegen til Berge i Luster og nedatt nyevegen.

Juli var det Hafslo som sto for tur , me starta der med å gå frå Fruli og til hytta til Annemor på Mollandsmarka der me vart trakterte med kaffi og nysteikte rundstykker.

Ellers har me med oss kaffi og niste og har hatt mange fine pausar ute i den fine naturen, og praten går og me har det rett kjekt.

I august har me flytta oss framover mot Jostedalen , det starta med Vigdalen og ein rundtur framover på Vigdalstølen og Storehaug.

Så var det litt lenger fram og rundtur ein sti frå Åsestølbrua opp til Åsen og ned att nyevegen. Og der sto Marit for kaffi, og Bergliot hadde funne kantareller på veg opp så ho steikte og me kosa oss skikkelig.

Gamle kyrkjevegen frå Sperle til Jostedal kyrkje har me og gått, der var det ei Olavskjelde som me fekk sjå, og store mengder tyttebær.

Frå Bergset og fram til breen har me og gått.

Ellers har me vore fram mot Dalestølen

På Fodnastølen og i Ormeli

Turane vart berre meir og meir populere, no er det kansje turar som ikkje er nemd her, men er det nokon som kjem på nokon turar som ikkje er kommen med, eller har bilder , so sei frå til Astrid så skal dei bli lagde inn.

Her kjem eit utval av bilder frå turane.


Den 13 november 2007

Så var vinteren kommen og me tok siste turen for dette året opp på Krossen på Mollandsmarka, der me gjekk utover vegen til Annemor ringde og sa att no venta ho oss med mat, og då var me ikkje seine om å snu.




Noko lite sa ho..............men dette var skikkelig selskapsbord, og me kosa oss både vel og lenge og mimra over alle dei fine turane me har hatt i 2007.

Den 30 oktober 2007 Tur til Ormeli i Fortun



Denne turen gjekk frå Bjørk, eller me kjørte eit stykke innover vegen til Ormeli der me parkerte ved ein stor stein , og så var det å ta beina fatt oppover bakkane, dette vert den nest siste turen dette året, som me ser kjem snøen nærmare og nærmare og snart er det vinter.


her er me kommen opp i Ormeli ved det inponerande steinhuset der det har budd folk heilt til det siste