lørdag 15. november 2008

Gåturar 2007




I mai 2007 starte Luster revmatikerforening opp med gåturar kvar tysdag.

Brev med innformasjon vart sendt ut til alle medlemane våre, med Berit og Annemor som kontaktpersonar.

Første tur gjekk i Gaupne, me starta fint og forsiktig med å gå på grusveg fram i Grindane, første turen vart Berit og Annemor aleine, men det tok seg fint opp, og det har vore ganske mange som har vore med på turane.

I juni flytta vi oss innover fjorden , Kilen var første turen der.

Men no var formen so god at me ville ta fatt på litt meir krevjande tur ,og i juni var det no rett fint vær og, så det vart frå Harastølen til Røssesete.

Neste var opp i Skåri i Mørkridsdalen.

Så tok me turen opp gamlevegen til Berge i Luster og nedatt nyevegen.

Juli var det Hafslo som sto for tur , me starta der med å gå frå Fruli og til hytta til Annemor på Mollandsmarka der me vart trakterte med kaffi og nysteikte rundstykker.

Ellers har me med oss kaffi og niste og har hatt mange fine pausar ute i den fine naturen, og praten går og me har det rett kjekt.

I august har me flytta oss framover mot Jostedalen , det starta med Vigdalen og ein rundtur framover på Vigdalstølen og Storehaug.

Så var det litt lenger fram og rundtur ein sti frå Åsestølbrua opp til Åsen og ned att nyevegen. Og der sto Marit for kaffi, og Bergliot hadde funne kantareller på veg opp så ho steikte og me kosa oss skikkelig.

Gamle kyrkjevegen frå Sperle til Jostedal kyrkje har me og gått, der var det ei Olavskjelde som me fekk sjå, og store mengder tyttebær.

Frå Bergset og fram til breen har me og gått.

Ellers har me vore fram mot Dalestølen

På Fodnastølen og i Ormeli

Turane vart berre meir og meir populere, no er det kansje turar som ikkje er nemd her, men er det nokon som kjem på nokon turar som ikkje er kommen med, eller har bilder , so sei frå til Astrid så skal dei bli lagde inn.

Her kjem eit utval av bilder frå turane.


Ingen kommentarer: