lørdag 15. november 2008

Den 13 november 2007

Så var vinteren kommen og me tok siste turen for dette året opp på Krossen på Mollandsmarka, der me gjekk utover vegen til Annemor ringde og sa att no venta ho oss med mat, og då var me ikkje seine om å snu.




Noko lite sa ho..............men dette var skikkelig selskapsbord, og me kosa oss både vel og lenge og mimra over alle dei fine turane me har hatt i 2007.

Den 30 oktober 2007 Tur til Ormeli i Fortun



Denne turen gjekk frå Bjørk, eller me kjørte eit stykke innover vegen til Ormeli der me parkerte ved ein stor stein , og så var det å ta beina fatt oppover bakkane, dette vert den nest siste turen dette året, som me ser kjem snøen nærmare og nærmare og snart er det vinter.


her er me kommen opp i Ormeli ved det inponerande steinhuset der det har budd folk heilt til det siste



Den 7oktober 2007

Ein fin hausdag tok me turen til Fodnastølen me kjørte opp Røneidsvegen nesten opp på værstølen til Røneid og så gjekk med oppover til Fodnastølen det var som vanleg fint vær og nydelig utsikt







tirsdag 11. september 2007

Bruheim mot Dalestølen

Denne turen gjekk me frå Bruheim på Hafslo og grusvegen framover mot Dalestølen men eit stykke før Dalestølen tok me av til høgre opp gjennom eit byggefeldt, der gjekk me til endes.


Kaffi og niste må nytast, og her var det fleire som hadde lyst å smaka

tirsdag 28. august 2007

Tur til Bergsetbreen

Denne turen gjekk frå Bergset inns i Krundalen og fram mot breen, ein fin tur i flatt tereng.




tirsdag 21. august 2007

Gamle Kyrkjevegen Jostedal kyrkje Sperle


Denne turen gjekk me frå Jostedal kyrkje og den gamle kyrkjevegen over Kvernadalstunelen og Styggegjølstunelen og ned att på Sperle . her var det mykje tytebær og dei var fristande, men diverre berre raude på eine sia enno.
Kaffi og mat er eit fast innslag, me gjekk og forbi ei Olavskilde som me måtte beundra.

tirsdag 14. august 2007

Tur til Åsen i Jostedalen

Her gjekk me frå Åsestøl og opp berget til Åsen der Marit Elvekrok hadde ordna med att me fekk komma innandørs og eta nista vår. nedatt gjekk me den nye vegen eit stykkje får me kom inn på ein gammal veg og fortsatte langs elva ned att der me hadde bilane våre