Siste turen i 2012.
Start frå parkeringsplassen ved Prix, tur langs Engjadalselva
og oppover Engjadalsvegen. Matpause og så attende til lauging i Lustrabadet.
Luster revmatikerforening arrangerer gåtur kvar TORSDAG uansett ver. Oppmøte på parkeringsplassen ved Prix kl. 10.00. Dei fleste turane er på 3-4 timar, inkl matpause. Køyring i tillegg. Turane er for alle som likar å gå tur og som ønsker å vera med. Ta med mat og drikke, og møt opp.
| Litt surt vær, men det stoppa ikkje oss. |
| Natursti, det må vel vera noko for oss |
| Over den fine gamle brua og oppover langs elva er det fin sti |
| Ender på elva og me på land, |
| Her kan me testa kunskapane våre |
| Sjå kor fin elva kan vera |
| Litt informasjon er bra. |
| Så var stien slutt. |
| Og me fortsatte bortover Gardavegen |
| Der det var nokon som lurte fælt på kva dette var slag turgruppa |
| Fleire gamle hus gjekk me forbi |
| Elvaforebyggningen er fin å gå på, kaffien vart inntatt på dei fine benkane nederst på spolebasen, men der tok eg vist ikkje bilder, |
| Nede på kaien vandra me mellom dei store mengdene med tømmer, og så var det rette vegen tilbake til bilane. |