Tur i Jostedal, Fagredalen til Holmavatnet.
Vindstille og mildt, men skodda låg ganske tett i starten.
| Me gjer oss klar til turen. |
| Oppslagstavle med informasjon om Nasjonalparken. |
| Dårleg sikt men bra sti så går oss ikkje vill her. |
| Mykje fint å sjå Desse er bitte små men lyser opp i skodda. |
| Dette er Issoleie, trur me. Veks som små tuver bortetter i bekkefaret. |
| Her er den på nært hald. |
| Fin liten blomst, men namnet fann vi ikkje. |
| Merkeleg korleis terrenget endrar seg når fjella bakom vert borte. |
| Steinete terreng. |
| Blåberblomst den siste dagen i Juli, er altså vår her endå. |
| Snart opp ved vatnet. Vassdraget her er regulert og denne fossen endar rett ned i ein tunnel. |
| Eit par snøfenner på turen. |
| Oppe ved Holmavatnet, overgangen til elva og fossen. Ikkje så mykje å sjå i skodda men vi ser at det er snø borti bakkane. |
| Is på vatnet. |
| Hytta dukkar fram. |
| Skodda og skylaget letta og fjella omkring kom til syne. |
| Holmavatnet attmed hytta. Isen har nett sleppt innmed land. Lure verkeleg på om her vert isfritt dette året? |
| Litt opningar i isen her og. |
| Trur dette er kreklingblomst. Uansett er den nydeleg. |
| Snart blå himmel? |
| Nett starta på heimvegen og no ser vi bakkane over elva og vatnet. |
| Og her får vi det første glimt av Fagredalen. Her ser vi heilt til parkeringsplassen på tippen. |
| Og så fekk vi oppleve vandring på snøfonn i fin sol. |
![]() |
| På heimturen kom vi over denne mørke blå planten, finn ikkje namn i våre bøker. |
