lørdag 6. desember 2008

Den 19.08.2008


Dette vart den lengste turen dette året, vi kjørte opp i Engadalen og starta med friskt mot opp til Navarsete.
Der hadde me første kaffirasten, men me måttte vidare, snart viste Heggdalstølen seg.





Der vart det ein ny kaffirast, og her diskuterte me om me skulle snu eller ta turen opp til Heggdalsvatnet, veret var nydelig og formen var det heller ikkje noko å seia på, så alle fortsatte vidare.

Bratt var det, men me kom oss oppover,det gjeld å ikkje gje opp!!!!!





Mange små pausar hadde me, men endelig var me på toppen, der ein heil bøling sauer møtte oss, lei lurte sikkert på kva dette var slags gjeng.


No måtte me ta bølgen, rett stolte av oss sjølve som var kommen oss opp.
Fotografering måtte og til, og meir kaffi og mat,men no måtte me til å spara på det me hadde med oss, det var lang veg ned att.

Ned att den bratte vegen me hadde gått opp såg me på som vanskelig, med dårlige kne og hofter, så me bestemde oss for å gå ein annan veg ned att, sauene tok farvel med oss, dei ønskte oss sikkert god tur videre.
Me forlet Heggdalsvatnet ,gjekk på baksida av Vorfjellet, og vidare bortover Slettefjellet.



Utsikten var ubeskrivelig, bildene får tala for seg sjølv!!!!!!!




Litt pausar måtte til,


Var det nokon som sa det ikkje var bratt denne vegen?


Her ser me heilt ut til Sogndalsfjorden



Kva er dette? Skilpadde eller spekeskinke?

Det gjekk nedover og snart såg me ned i Gaupne, ein lang dag var snart til endes og me hadde gjennomført ein fantastisk tur me vil hugsa lenge,

Den 5 august 2008

No kjørte me opp i Engadalen og starta derifrå og gjekk framover til Navarsete

Etter ein god kaffi og matpause gjekk me vidare over til Flatningane og ut på Kolstadeggi

Den 29 juli 2008

Kringla var målet, me kjørte inn i Luster, fram i dalsdalen, opp forbi Kolstad og heilt opp på Ilage.
Så var det på med sekkene og på vandring i steikande hete.

Me gjekk forbi stølen Lø og såg bort på Hornane ,på Kringledemningen vart det kaffipause

Lang lang rekke framover mot Kringla
Hytta til Svanhild og Knut Stuppelshaug der Svanild laga nydelig tomatsuppe med mykje godt oppi pluss heimabakte rundstykker som ho hadde med seg.


Medan Svanhild kokte suppe og kaffi gjekk me opp til Smørve der det vart bading

Den 22 juli 2008

Kveken i Kinsardalen var målet no, me kjørte rundt fjorden og til Dalen øverst i Kinsardalen, så var det og ta beina fatt, oppe på hytta til Synnøve og Magne Urnes venta dei oss med hjortegryte og ris og kaffi.



Den 8 juli 2008

Me kjørte til Marifjøra og starta ved dette artig postkassestativet, det hadde vist lagt seg og så hadde dei berre sett postkassane på taket, så gjekk me grusvegen oppover til Lad og videre turveg opp til Joranger kyrkje der me drakk kaffi og tok nista vår på kyrkjebakken. Vidare gjekk me nedatt gamle kyrkjevegen over til Sviggaplassane ned forbi Marheim og til Marifjøra att, nok ein tur som kan anbefalast.