tirsdag 25. september 2012

25.09.2012 Hafslovatnet - Simosete

Hafslo. Langs Hafslovatnet til Simosete.
På veg til Sogndal, rett før tunnelen er vegen til m.a. Simosete inn til høgre. Det er vel ca 7 km innover, vi køyrde ca halvvegs og gjekk derfrå.


Her starta vi på turen. Utsikt mot Hafslo og Galden til høgre.

Og innover mot Veitastrand.

Fin grusveg innover.

Her kan me skimte Simosete til venstre og retninga er innover mot Veitastrand.

Simosete bakom Rognebertrea.

Dette er haust.
Åse fann eit fint motiv nedi vatnet.

Snart framme, her ser vi heimover mot Galden, og i bakgrunn er Urnes og fjella der.

Simosete og i bakgrunn er Fossen, ein støl på Hafslosida.

Frå Simosete.
Kaffipause vart det i dag og.

Også ein del av Simosete. Vegen går bortover der men den ligg heilt skjult inni skogen. Oppi bakkane ligg stølen Turrli som høyrer til Sogndal.

Ingen kommentarer: