tirsdag 22. november 2011

22.11.11 Oppheim - Brekka


5 damer tok møtte opp til gåtur i dag, me samla oss i ein bil og kjørte til me kom over skodda!
parkerte i ein sving over Oppheim og tok beina fatt i den fine sola
Litt kjekt var det no å sjå ned på denne skodda som har innhylla oss i fleire dagar


Snart var me ved vegaskjele, kva skulle me velja? det vart Brekka

Mykje fin iskunst var det å sjå!


Og fine små planter



kaffi og mat må til ;)

Det var fristande å fortsetta til Røytehola

Skal tru kor desse skal?










Så var me kommen til startpunktet att, og det var berre å kjøra ned i skoddegrauten att!!!
Ei slik fin tur gjere godt !!!!!!!!!!!!!!!!!!!

tirsdag 15. november 2011

15.11.2011 Tur i Gaupne, Vegaskilje-Brunestegen

Tysdag 15 November 2011.

Tur i Gaupne, Engjadalen ved vegaskilje til Brunestegen.

Denne tysdagen skulle vi ha ein kortare tur i Gaupneområdet og så samlast til avslutning av sesongen etterpå. I Gaupne var det skodde så vi køyrde til Engjadalen, parkerte ved vegaskilje og gjekk til Brunestegen. Veret var strålande, nokre kuldegrader om natta slik at det var rima fint.

Framover Engjadalen. Sola har nett komme på toppane.
Og heimover.



Rim og låg sol skapar skikkeleg stemning.



Sola når nett ned til tretoppane og rimet forsvinn fort.



Frostroser eller gardiner?



Frosne grasstrå.



Sol i rim.



Frosten om natta har sett spor.


Langs vegen.


Nydeleg haustver.



Skodda "flyt" opp og ned.


Troll til fjells og Molden flyt i skoddehavet.





Frå Brunestegen. Skodda ligg over fjorden og Indre Hafslo,

men vi skimtar Gaupne nedunder.



Bortafor Brunestegen er ei høgspentmast og her er det bok til å skriva namnet sitt i.
Etter det var gjort rusla vi nedover att.


Og her er siste glimt frå denne fine turen.

Vert det brukande ver framover så vert det kanskje fleire turar.




tirsdag 8. november 2011

08.11.2011 Tur Brunestegen-Seljesete, Gaupne

Tysdag 08.11.2011.

Tur i Gaupne, frå Brunestegen til Seljesete.

Endeleg kom tysdagen med strålande vermelding, berre sol over alt. Men som normalt med slik melding, Lustrafjorden låg innhylla i tett skodde. Men vi ville på tur til Seljesete, køyrde oppover mot Engjadalen og kom over skodda og fann sola.

Vi parkerte der vegen slutta på Brunestegen.
Utsikt mot fjella framover mot Leirdalen


Lusterfjorden og Gaupnafjorden er under skodda. Molden og Råaberget stikk opp.



Det vart ganske varmt i solsteiken så her vart første stopp for å få vekk noko kle.



Litt bratt.


Stølen Havåsen med Hest i bakgrunn.


Langt der framme er Seljesete og Rysete.


Seljesete fremst og Rysete lengst borte.


Sola står lågt og gir lange skuggar.




Traktorar set djupe spor i naturen, men frose vatn som speglar himmelen vert fine motiv.


Steinhus nedom Seljesete.


Seljesete med hytter, sel og murar etter gamal fjøs.



Her fann vi fin plass til kaffipause.


Steinfjøs utan tak, sel og hytter.


Tenk at dette er i November, på 800 meters høgd.


Ser ut til at murane i fjøsen er nokså bra, så kanskje det kjem tak her ein gong.



Denne vetle bua eller kva det er ligg attmed fjøsmuren.


Fine hytter.



På veg heimover.


Informasjonstavle.



På heimveg.





Is på vatnet, rim på markene.


Idyllisk parti mot Hest.



Her har vore mykje regn og her er framleis ganske blaut.


Gode skilt.


Sola står lågt og skapar lange skuggar og kaldare lys.


Her ser vi mot Flatningane og Bergheimsnosi og fjella omkring Feigedalen.


Sommarblomstrar i November.


Etter 3 timar ligg framleis skodda over Gaupne men sola skin inn Lusterfjorden og Indre Hafslo. Molden ser ut som den svevar i skyene.


Og her vert siste glimt av Gaupnafjorden, Råaberget, Molden og Indrebygdi.

Nyt solskinet.