mandag 1. oktober 2012

02.10.2012. Bondehaug, på Mollandsmarki, Hafslo.

Tur til Bondehaug på Mollandsmarki.
No er tida kommen for nydelege haustfargar. Veret er jo alltid eit tema, og meldingane var heller tvilsomme,  men litt lette i skyene lova ein fin dag. Me er då optimistar og satsar på positive signal, så det vart tur ut på skogsveg og sti.
 
 
 
Me starta på Krossen på Mollandsmarki, gjekk litt nedover og så inn til venstre.

Skogsveg i starten.

Opning i skogen og det vert utsikt mot Eikeberg og fjella over Kroken.

Fotomotiv å finna over alt.

Skogstur.

Oppe på Bondehaug, Molden i bakgrunn.
Frå Bondehaug mot Indre Hafslo.

Mot Molden.

Toppen på Bondehaug, skilt og postkasse med bok. Ein mnd sidan det sist var folk her?
Bondevik på Bondehaug.

Vi fekk besøk av ei skikkeleg regnbyge så det vart blaute brødskiver og utvatna kaffi.

Sola kom att og då kom også regnbogen.
Bakgrunn her er mot Joranger og lengst bak Engjadalen osv.

Utsikt ut fjorden.

På veg nedatt og heimover.

Sola skin på Bondehaug og på Molden.
Haust.

På Mollandsmarki er det mange myrar, dette er ei ganske stor ei.

Idyllist med litt vatn.

Vatnet er ca 5 m i diameter men er fint fotomotiv uansett storleik.

Urnes og Lusterfjorden utover. 

Her er og fjorden utover.
Naturens gang.

Her har vel ho Dagmar vore, og laga fin utsikt.

Opning i skogen etter hogst. Bakgrunn mot Joranger,  Engjadalen og Brunestegen.

Molden.

Molden, fjorden og fjella innover mot Feigum.

Ingen kommentarer: