tirsdag 4. september 2012

04.09.2012 tysdagstur Røneid - Nystølen

Først historien bak Nystølen skanna frå Stølar og stølsliv i Luster kommune

På Fodnastølen var det 12 sel, og det var budeier i kvart einaste eitt. Saman med born og andre «budeiedaltar» vart det eit heilt lite samfunn som levde inne i fjellet heile sommaren. Omkring 1850 fann bonden i Mollandsgarden på Røneid (bnr. 5) ut at det vart litt lite beite for alle dyra som da skulle vera på Fodnastølen. Han flytte da stølen sin til eit område i retning mot Leirdalsreset og Leirdalen. Der bygde han
opp ein ny støl som fekk det naturlege namnet Nystelen. Også her vart det lagt ut eit lite slåttegjerde
omkring stølen. Det syner restar av det gamle steingjerdet den dag i dag.
Men det vart einsleg og utriveleg for budeia a vera pa stølen aleine. Utrygt kunne det og vera. Det var
ikkje berre firføtte villdyr som rusla omkring i skog og fjell på den tid. Det var også mange toføtte som ferdast i fjell og vidde. Ikkje alltid var dei «Guds beste born» - og det vart etter kvart vanskeleg å få budeier til å vera aleine på denne stølen. Dette var viktigaste årsaka til at det etter nokre år vart semje mellom Mollandsbonden og brukaren av bruk nr. 6 - Melkergarden - at begge skulle støla på Nystøl. Gardbrukaren i Melkergarden skulle få slå halve stølsgjerdet på Nystål dersom han ville flytta dit. På den tid vart det bygt eitt sel til på denne stølen.

Så var me i gang med dagens gaotur, 10 stk denne dagen. Vermeldingane var heller dårlege men når me var samla i Gaupne synest me det såg bra ut over Nystølen, og det viste seg å stemme




Rett so fint var det.

Er det molter her skal tru




Ho Dagmar hadde no vore på desse kantar og

Ein fin liten foss.

Små bekkar måtte forserast

Og snart såg me Nystølen

Me lånte oss ein veranda og kaffi og mat kom på bordet.

Stølen må utforskast

Er det regnbyer me ser i det fjerne

Her var det postkasse og bok til å skriva seg i.

Flotte murar dei laga

Så bar det på heimveg

Djupe juv var det her , men det er ikkje så godt å få med på bilde, serlig når fotografen ikkje torer å gå heilt ut på kanten.

Og nokre tre gjekk me under

Så var turen over, utan ein einaste regndråpe, og som vanleg var alle enige om att det hadde vore ein fin tur.

Ingen kommentarer: