torsdag 4. september 2014

Torsdag 04.09.2014. Tur i Gaupne, frå Rønneidsvegen til Nystølen.

Torsdag den 4 September 2014. Tur i Gaupne frå Rønneidsvegen til Nystølen.
Dagen starta med skya ver og enda med strålande solskin.
 
 Stien innover i haustfarga skog og mark.
 Her var ho Dagmar på jobb for nokre år sidan og så har ho fått litt hjelp seinare.
 Blåberplukking og eting.

 Vert ganske rusa berre av synet.

 Oppe ved Nystølen og utsikt mot Lustrafjorden og Krokadalen.
 Hytte og gammal fjøsmur?
 Stølshus og fjøs? Vert snart vanskeleg å sjå.
 Same selet frå andre kanten.

 Og same her og.
 Hytta.
 Har dette steinhuset vore sel eller fjøs eller kva? Uansett er det fint mura.
 Vetlahuset er vel ikkje noko imponerande byggverk
men er mellom viktigaste bygga vi finn på turane våre.
 Fornøgd med turen og med bærplukkinga.

torsdag 28. august 2014

Torsdag 28.08.2014. Tur i Fortun, frå Ormelid til Nedstestølen.

Torsdag 28 August.
Tur i Fortun, frå Ormelid til vårstølen Nedstestølen.
Her er det ca 100 m høgdeforskjell.
 Det er sti oppover, den er noko attgrodd med gras på denne tida men kyrne
 ryddar litt og det går veldig godt å finna fram når ein veit kor ein startar.
 
 Starta på Ormelid og skal opp til venstre for husa.
 Andreas peikar og fortel.
Det er verkeleg fint å ha med kjentmann som kan fortelja om gardar og historie.
 Sol på Ormelid og skugge i Fortunsdalen.
 Dette er ein spesiell stad, gamle bygningar med både tømrahus og steinstove,
og noko så skjemmande som grøn bølgeblekk og presenning på taket.

 Tørkehuset.
 Skilje mellom innmark og utmark, trur eg det var.
Er det feil så får me retta opp seinare.
 Denne stolpen er av stein.
 Ikkje mykje vatn i denne elva for tida.
 Snart oppe men godt med ein liten pustepause.
 Restane etter stølen til Nedrelid.
 Fantastisk steingard som skil mellom stølen til Ormelid og Nedre Ormelid.
 Begge gardane hadde kvar sitt område rundt stølane som dei slo.
 Same garden videre bortover.
 Stølen til Ormelid, går ein videre oppover i dalsøkket kjem ein til Øvstestølen
 Stølen til Ormelid, mykje murarbeid her og.
 Matpause med utsikt.
 Master oppi syningom, her er jo kraftlinjer rundtomkring.
 Og så er det jo blomstrar her og.

 Nedover att.
 Tørkehuset sett ovanfrå.
 Og Ormelid ligg halveges gøymd bakom skkogen

Sola kjem også i Fortunsdalen.
 Og her slutta turen vår, det er berre å nyta utsikten.

lørdag 23. august 2014

Torsdag 21.08.2014. Tur på Indre Hafslo, frå Bruheim til Martamyr.

Torsdag den 21 August.
Tur på Indre Hafslo, frå Bruheim til Martamyr.
 
 
 På veg oppover frå Bruheim.
 Utsikt frå vegen. Me trur at oppå toppen til venstre er Sønnesynstølen.
Vegen frå Bruheim deler seg to gonger. Først veg til venstre til Skisete med sideveg til Sønnesynstølen, og så veg til venstre til Dalestølen. Til høgre kjem ein til Seljesethovden og Martamyr. Oppover her er mange fine hytter.

 Sønnesynstølen langt der borte.
 Frå hyttefelt og nedover dalen.
 
 Haustfargane kjem. Utsikt mot Indrebygdi.

 Mot Gaupnafjorden.
Regnet kom sjølvsagt då me skulle ha matpausen vår,
 han Kjell dukka opp og fekk samla oss under tak.