torsdag 10. juli 2014

10.07.2014 Gaupne Leirdalsvegen frammover

Tysdag den 10 juli starta med sol og steikande varme, kansje det var det som gjorde att me var berre to som møtte opp til gaoturen, men me hadde ein fin tur, Me kjørte eit stykke opp i Leirdalsvegen til me kom til Skogsvegen innover til Alsmo.
Der var god parkeringsplass og me spaserte innover mest så langt vegen rakk, der frå går det sti ned til Alsmo, fin veg å gå på , litt høgt gras, og mykje lauv på trea så dette er ein fin vårtur.....då vert nok utsikten bedre.

 Desse to damene hadde ein fin tur
 Den "lille røde" fekk stå å varme seg
 Litt utsikt heimover dalen
 Jordbærplukking


 Her ser me Alsmo
 Kaffiplassen vår
 Og alle var einige om att me hadde hatt ein fin tur

torsdag 3. juli 2014

03.07.14 Kinserdal Kaien og utover langs fjorden

Torsdag den 3. juli.
Tur i Kinsedal, frå kaien og utover langs fjorden.
 

 Skilt til Kvalen.
 Går ein langt nok kjem ein dit men så spreke er nok ikkje vi.
 Innover fjorden.
 Bru over mest tørrlagt elv. Det har regna svert lite siste vekene.
 I Kinsedal var det stor gruvedrift på 30-40 talet.
Det her er restar frå den tida men kva det har vore er vanskeleg å sjå.
 Lang mur, her har kanskje vore brakker for arbeidarar?
 Inngangen til denne gruva er stengt.
 Gruvegangen er ca 80 m. innover og så går der ei sjakt oppover.
 Denne er ikkje sikra så det kan rasa inni der.
 Blitzen lyser opp i inngangen.
 Innover fjorden, Solvorn på andre sida.
 Matpause ved fjorden.
 Solvorn.

 Kvilepause på muren.
 Attende til kaien.
Kaien i Kinsedal var lenge den største i kommunen.
 No veit eg ikkje korleis det er med den saka.