torsdag 25. april 2013

Torsdag 25.04.2013. Tur på Nes.

Dagen starta med regn i 5 min, sidan skein det opp og me hadde ein fin tur. Me gjekk frå utsiktsplassen på Nes og oppover ein skogsveg.


 Nysnø i fjellet, litt skyer og is i Feigefossen.
 Fin turveg.


 Maurane har hatt vitjing i heimen.
 Planane for dagen var å gå til Langen men der var det så blaut sa rykta,
 så me bytte om på turen. Men her ser me iallfall Langen frå Nes.
 Mur oppi Bakkane, kva har vore her?
 Skjegglav i gammal skog.
 Pust i bakken.
 Makan til firkanta stein, denne kan verta fin murstein.
 Ikkje mykje grønt for men moro å vera ute lell.
Denne stilte sg fint opp for fotografering og litt kløing og kos.


torsdag 18. april 2013

Torsdag 18.04.2013. Tur frå Fruli til Oppheimshaug

Vi køyrer opp mot Mollandsmarki og går vegen forbi Øyna Brukthandel, Morki, Li og til Oppheimshaug. Mildver, litt småregn og skodde innimellom er nydeleg turver. Det er slike dagar ein kjenner at våren kjem.






                                                               Snøsmelting.
                                                                      Det er vår.
                                                                                Li



                                                           Utsikt mot Råum.
                                    Litt kald trekk var det her men matpause må me ha likevel.
                                          Gamle stova på Oppheimshaug.

torsdag 11. april 2013

Torsdag den 11.04.2013. Tur til Saue og Skildheim

Denne turen gjekk frå Fagernes, eller gamle skulen på Fladhammer, opp den gamle vegen til Tadla, vidare innover grusvegen til Skildheim. Der vart det kaffi og mat før me gjekk tilbake til bilane. Fin dag med solskin, skare på snøen og utsikt til islagt fjord.
                                                    





                                                      Skildheim mot Skjolden.

                                                Fladhammarskjeret omkransa av is.

                                                 Mot Saue og utover mot Molden.
                                                Her har det vore besøk før me kom.

Her nyt me sola og kaffipausen.

torsdag 4. april 2013

Torsdag den 4/4 2013. Tur til Råum i Gaupne.

Første turen i 2013 vart til Råum.
Gåturane er no flytta til torsdagar. Og denne turen vart ein glimrande start med sol, snø og berre heilt nydeleg ver. Vi gjekk frå vegaskilje i Engjadalen og til Råum, ein tur som tek ca ein time kvar veg i vårt tempo. Og så vart det sjølvsagt matpause i tillegg. Her er det berre å nyte den fine naturen, gamle sjarmerande sel og løer og utsikta ellers.