mandag 12. januar 2009

Den 18.11.2008


Så var det avsluttning på gåturane for 2008
Luster Revmatikerforening hadde vore så heldig å få nokre t.skjorter på kommunen , den beste kommunen å bu i, og vart enige om att dei tre som hadde gått flest turar skulle få kvar si i premie, det var Berit Heltne , Margot Hauge og Astrid Martinsen .dei to som hadde stått for turane Annemor Larsen og Berit Heltne fekk kvar si,der sparte me ei sidan Berit alt hadde fått, og me hadde to att, dei trekte me blant alle 42 som hadde delteke på turane og det var
Gunnhild Brun og Annbjørg Lingjerdet som vann.

Ein liten rundtur i Gaupne måtte det no bli denne dagen og, deretter var det kaffi ATS rundstykker og nydelig kake som avsluttning på Treningsenteret. så no vert det trening innandørs på treningsenteret der dei fleste av oss trenar mandag onsdag og torsdag frå 11 til 12 og så er det kaffi på kantina etterpå....... Men når det vårast att vert det nye gåturar.........damene er alt starta å planlegge og tek i mot forslag til nye turar med takk!!!!!!



Den 04.11.2008

Me er no kommen til november måned , og det er nest siste turen for dette året. Luster og start ved Dale kyrkje, så tok me beina fatt og gikk opp Bringebakkane, der me måtte smaka på eplene som hang att på dei kommunale epletrea ,
vidare gjekk me den gamle vegen frami dalen opp Helagåta ,forbi Krossen Skår, Haugane, Myrane og fram i Tubbene


Der gjekk me gamle vegen opp i Åsen


Me passerte Dalehaugen

Og snart var Åsen å sjå

Eit fint steinhus var det der


Nokre av oss gjekk so langt att me såg fram i framdalen og over til Kolstad


Før me gjekk ned att nyevegen

Den 28.10.2008

I dag var det Luster sin tur , Berge var målet og vi starta frå parkeringen ved Luster omsorgsenter, ein tur ut på utsikten på Bøskaret for å nyta utsikten var første stopp,

Så bar det vidare oppover, me passerte Bø.


Og ved postkassen til Turorienteringen måtte me stoppa for å skriva oss i boka

Snøbyene gjekk på Sørheimsida men der me gjekk var det berre litt sur vind

Vi er no kommen opp på Berge og kan sjå ned att på Lustrabygda



Det var litt kald sno så me var so heldige å få sitja inne i redskapshuset på Berge å eta nista vår

Ja han Svein og katten sat no ute på trappa og kosa seg, os så bar det ned att nyevegen.

Den 21.10.2008

Heggmyrane var startpunktet denne tysdagen, når me reiste frå Gaupne regna det som himmelen var open, men me ville no gå like vel, og tru det eller ei , me var ikkje før kommen ut på Heggmyrane før det lettna opp og regnet var slutt.Me gjekk nedover Krekavegen

Vidare Sandgåta trur eg det var det heitte, fin sti var det i alle fall



Kaffi og mat vart det ved ein Lavo som barnehagen på Hafslo hadde

Den 14.10.2008

Dalestølen var målet i dag, men vi hadde gått den vanlige vegen frå Bruheim før så i dag skulle me gå ein annan veg, Me kjørte opp til....(er det nokon som kan hjelpa meg med navnet) og vandra framover, fin veg i starten


Me gjekk forbi nedlagde stølar



Gjennom villmark!

Klatra gjerder!
Men me kom fra, og Åse og Astrid fekk endelig prøva regnkappene sine , det skal no seiast att dei som ikkje hadde regnkappe vart ikkje noko særlig våte dei heller........tysdagar midt på dagen regnar det ikkje
Og så vandra me grusvegen heim att, ein liten tur tilbake den andre vegen for å henta bilane, men han Svein var rask på foten og kjørte dei sjåførane som ikkje var so raske tilbake.

søndag 11. januar 2009

Den 07.10.2008

Me kjørte ut på Hafslo att. denne dagen var det gamlevegen ned til Solvorn me ville gå

Ein rett fin tur som kan anbefalast ,



Vel nede i Solvorn vandra me langs stranda og såg på naust og mykje fine hus


Det vart litt kort så me gjekk vidare utover ein sti til me kom til Måsevika,der me snudde og gjekk opp att på Galden til bilane våre