tirsdag 19. juli 2011

19.07.2011 Tur til Geisdalen

Tysdag 19 juli 2011.

Tur til Geisdalen i Jostedal.

Tur i dag var planlagd til Fåbergstølsbreen. Vi møtte lokalkjende folk som sa at grunna regnet var det ikkje serleg egna å gå tur der i dag. Difor vart det tur til Geisdalen i staden. Der er det grusveg som egnar seg til all slags ver og føre. Og i dag var det regnbyger og ganske blaut.

Vi var 9 stk som starta på turen og så møtte vi 2 til.


Mykje vatn i elva.
Geisdalsstølen.



Vatn i grøftene.



Innimellom lysna det litt, så her ser vi fjella innover dalen.



Vi har snudd heimover og kan skimte fjella på andre sida av dalen.



Mat og kaffi må me ha så vi "lånte" litt tak over hovedet.



Regnjakkar og diverse heng til turk, her var alt tilrettelagt for blaute turfolk.

Mange takk til dei som eig her.



Her er starten og slutten på turen. Bilane står på parkeringsplassen nedanfor her.




tirsdag 5. juli 2011

05.07.2011. Tur til Røyteholet på Indre Hafslo

Tysdag den 5/7 2011.

Tur på Indre Hafslo, bil forbi Sjåflat, til Ulvungo.

Strålande ver, sol og varmt.


Vi gjer oss klar til å gå.
Skiltet fortel at vi er på rett veg.



Bekk langs vegen.



Mange fine blomster å sjå på denne årstida. Denne heitte Tettegras.



Og denne fann eg ikkje namn på.



Kan hende denne heitte Bergskrinneblom.



Vi gjekk på grusveg forbi Brekka, deretter gjekk det sti opp ein bratt bakke.

Her er vi mest oppkomne.



Ein fortent pause.


Og her kan vi sitja og nyta utsikten over tjønna og mot Røyteholet.




Vegen videre går rundt tjønna på høgre sida. Her ser vi Hest i bakgrunn.



Hytte el sel på stølsvollen på Røyteholet.



Sauer var det overalt, kvite og fine. Her er Hansbu, selet til han Kjell Bugge Næss.

Og her tok vi matpause.



Utsikt mot Leirdalen og fjella omkring.



Og utsikt framover mot Stegagjerde, Jostedalselva og fjella framover.



Og her er tjønna mot skaret der vegen går nedover att.



Og endå ein blomst som er namnlaus, får tru at nokon finn namnet.



Stien går under ein fjellskrent, og borte på kanten går stien nedatt til grusvegen.


God gjøymestad under helleren her.



Idull i vegakanten.
Dermed var også denne turen slutt.