tirsdag 27. juli 2010

27.07.2010 Harastølen - Brennesteinane

Denne tysdagen var det egentlig i Stordalen me skulle gå, men det var ikkje nokon som hadde lyst å kjøre opp på Røssesete så derfor vart det parkert på Harastølen og turen gjekk inn til Brennesteinane
Her er me godt i gang, og ser tilbake på Stuagjerde, No vert det skog og vegetasjon både over og ved føtene

No lysnar det og me treffer på murane etter eit gamalt sel eller uteløe

Snart er me framme på Brennesteinane, og der er det folk i den eine hytta, så i dag fekk dei stort besøk

Nista og kaffi vart innteke på setervollen, og utsikten vart beskua



Så var det og ta på heimveg att, og sjå litt nedatt i Lustrabøgdi

Denne tysdagen gjekk turen til Brennesteinane .

tirsdag 20. juli 2010

20.07.2010 Engjadalen - Navarsete

Været var ikkje av det beste så turen gjekk i Engjadalen , Me gjekk fram til Navarsete , men det regna så det vart ikkje teke bilder.

tirsdag 13. juli 2010

13.juli 2010 Bruheim - Dalestølen


Denne tysdagen var det skikkelig regnvær frå morgonen av, men det hindra ikkje turglade damer å møta opp. Turen var planlagd til å gå frå Tungestølen på Veitastrondi , men me fant ut att det kunne vera både blaut og dårleg utsikt til breane me hadde lyst å sjå på, så det vart Bruheim og fram til Dalestølen i staden for. og værgudane var med oss...ikkje ein dråpe regn !!!

Skoddedottane hang i fjellsidene, men me hadde god sikt ;-)


Artige tre, og klatrande sauer såg me på vår vandring



Trekunst! og artig sopp!! eller er det ein plante?


Fin natur, og gamle løer såg me og


Frodig og fint med mange forskjellige blomster!!!

søndag 4. juli 2010

Den 06.07.10. Tur til Lærdal. Vindhellavegen - Sverrestien


Denne tysdagen har me lagt ut på langtur, Lærdal -Vindhellavegen - Sverrestien er turen , og så har me vore så heldige å få med oss Per Birger Lomheim som guide, og den karen kan både historien om vegbygging og mykje meir, han song til og med rallarviser til oss.....Me starta ved minnesteinen for den første bilist som køyrde tvers over landet. den 6 august 1901 drog Petrus Willem Scheltemer Beduin på bilsafari frå Amsterdam til "villmarksområdet" Skandinavia. Beduin kom til Kristiania (Oslo) den 25 august. Etter eit par dagar tok han fatt på den "ville" bilturen til Lærdal, der han kom fram den 3 september 1901.Historien om denne turen ligg på sida her.

Me starta som vanleg ved godt mot, litt bratt var det men som røynde vandrarar la me i veg

Snart var me oppe ved Revsdalen og kunne sjå restar av kongevegen frå 1793 i tilegg til den Vindhellavegen som me gjekk på, den vart bygd frå 1837 til 1843 va det militære ved Kapt. Finne.


Flott rekkverk var det, og utsikten var fin her og


Eit imponerande byggverk, som berre vart nytta i 30 år, då kom vegen rundt langs elva, det som no er historisk rute.


Kva er dette ? ein fotograf... Dagbladet var og på tur denne dagen, dei skulle laga repotasje om Vindhellavegen, so no kjem me i Dagbladet og.


Ved smidhelleren song Per Birger rallarsongar til oss




Her ser me tydeleg den eldste vegen , hadde det vore i dag hadde dei vel berre utvida den, me då denne vart bygd skulle den vera ny.

Så var det Sverrestien

Men mat må me ha, og kva kan vel vera bedre enn Kyrkjevollen ?


Eller var det Keisarlunden, her sto skilta tett, ikkje lett å gå seg vekk her nei!


Og snart var me ved Borgund stavkyrkje

Fotografar var det alle stader


Den gamle og den nye kyrkja !


Her gjekk den første postvegen frå aust til vest, heilt frå 1117 skal vist Sverrestien vera

Og jammen sto han kong Sverre der, men han hadde mista sverdet sitt, så det måtte reparerast, og etterpå var det gruppebilde, og jammen virka automatikken og, for å ikkje snakka om ho som prøvde å springa.





Her passerte me ein gard som sikkert hadde vore nytta til utleigehytter , det såg i alle fall slik ut, det sto i alle fall nr. på alle dørar,


Lensmanshola heiter det her

Mykje fine blomstrar var det å sjå
Sjå flugene som er på blomsten

Humle

So gjekk det nedover! frodigt var det her , men trea hadde lite bladverk, så her har det vore åmeangrep..



No ser me ned til vegen,berre nokre høge steg att no så er me nede

Så var rundturen unnagjort



Inne på museumet var det bilde av gamle brua ved oppkjøringen til Leirdalen