tirsdag 11. september 2012

11.09.2012 Indre Hafslo Midtstølen - Saupsete

Tur på Indre Hafslo, frå Midtstølen til Saupsete.
Det vart ein tysdag med regn og skyer, men vi går på tur uansett. Vi køyrde om Høgi til Midtstølen, og gjekk derfrå.



Midtstølen. Vi ser noko av Indre Hafslo og Molden i skodda bakom.

Vegen er bratt i starten men så kjem vi opp til eit flatare område.
Her er utsikt mot Rønneidsstølen og i skyene bakom ligg Brunestegen, Seljesete osv.

Etter ei stund kjem vi til Saupsete.

Vegen er temmeleg blaut men kyrne stilte opp og studerte oss inngåande.

Hytter og løe, den til venstre er Astrid Høgi og kadl si.

Og her er fleire sel eller hytter.
Astrid inviterte oss inn på kaffi og pannekaker. Så lang matpause har vi aldri hatt før.

Her nyt dei keffistunda.

Og kosar seg i peisvarmen.

Tid for heimtur, og så vart det eit glimt av blå himmel.

Mykje vatn så her er bru over elva eller bekken.
Og her ser me at traktorvegen er noko blaut.

Siste glimt mot Gaupnasida.

Det har regna litt i det siste.

Etter ei stund kjem vi fram til nedstigninga mot Midtstølen. Indre Hafslo og Molden i bakgrunn.

Attende på Midtstølen.

Ingen kommentarer: