tirsdag 28. juli 2009

Tur frå Røssesete og ut Stordalen

Røssesete var utgangspunktet for denne turen, og planen var å gå Stordalen til endes og sjå ned på Flatningane. Været var ikkje heilt på vår side men me trøsta oss med att det vart sikkert lettare utover dagen, for det hadde www.yr.no sagt .... og det regna no ikkje
Så me la av garde med godt mot, alle kom velberga over brua, sjølv om den ikkje såg heilt trygg ut...
Det var ikkje langt me hadde gått før første regndråpane kom, men tysdag er tysdag tenkte me og vandra vidare.........
Men denne tysdagen var ikkje som tysdagar flest..................regn og vind............snart var me so blaute og kalde att me vart aldeles stive..................og som det er sagt .......det er ingen skam å snu.......og me so gjorde..

Nokon av oss var so glupe att me gjekk nedover på feil sia av bekken så det var på nære nippet att me ikkje måtte til å vassa, men det gjekk bra..........foresten kunne me no ikkje vorte stort blautare enn me var.....
Blåbærkart var det i alle fall, så kansje me skal satsa på ein ny tur seinare i haust..........i SOOOOL
Og tru det eller ei når me kom tilbake til bilane var det slutt på regnet og me tok fram kaffi og mat................og vel heim kommne kunne me sola oss............

Ingen kommentarer: