tirsdag 14. juli 2009

Tur i Langedalen på Veitastrand

I dag er det tysdag den 14/7 og vi har vore på endå ein fin tur.
Vakna kl 06.30 i dag til skodde og regn, og så på ein tysdag.
Men vi går uansett ver, så så det er berre å ta seg saman.
Turen var på Veitastrand, frå Nystølen og framover Langedalen.
Her er Nystølen med utsikt heimover mot Veitastrand.
Veret er fint, lettskya og litt sol, det er jo tysdag.

Frå Nystølen med Tungestølen på andre sida av elva.


Vi gjer oss klar til tur. Ladar opp med litt frukt.
Vi skal gå innover Langedalen og i bakgrunn ser vi Opptaksbreen,
Bjørnakyrkjebreen og Langedalsbreen.
Langt der oppe skimtar vi Nystølsbreen.

Slike bruer var det fleire av. Dei gjorde at det var greit å krysse tverrelvane
og bekkane som det var fleire stader framover dalen.


Det var fint terreng å gå i og mykje stein rundt om på markene.


Døme på ein stein med fine lyse fargar.
Steinarten har sikkert eit namn, men det får vera for denne gongen.


Vi kom til eit fint lite vatn eller tjern på vegen framover.
Her miste vi stien, kom for langt opp og gjekk og vasa i vierkratt.
Stien gjekk nedanfor vatnet, fann vi ut seinare.

Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko,
vi fekk fine bilete av vatnet og dalen innover då vi kom i høgda.


Og her ser vi og dei store viddene heimover,
med Tungestølen langt der heime.


Vi kom til endå eit fint lite vatn.
Og så var det vel historia om når "fiskeren forteller om kor store----------"


Idyll ved vatnet.


Etter kvart vart det mykje blå himmel som spegla seg i elvar og vatn.



Etter ca ein time vandring tok vi matpause.
Her er utsikten heimover.


Og utsikten framover mot breane.


Utsikten oppover, vestover i retning Fjærland.


Det var mange kyr på beite. Vi talde 46, men var litt usamde om dette resultatet.



Vi er på heimveg og kryssar endå ei elv.
Her er det viktig med god balanse og tunga beint i munnen.


Og så var det å finne neste stein.


Og så var vi attende på Nystølen og starta på bilturen heim.
Her var ein bra flokk med geiter, men vi talde ikkje desse.
Vi hadde sjølvsagt fint ver på turen, men det skya til,
og då vi kom ned mot bui på Veitastrand møtte vi regnbyger.
Vi hadde ein fin tur,
og i denne dalen kunne vi nok godt minst ein time til i same terreng, trur vi.



















Ingen kommentarer: