tirsdag 7. juli 2009

Tur i Vigdalen

Og så er det ny tysdag og vi er klare for endå ein tur. Denne gongen i Vigdalen.
På Yr.no står det at det er venta store nedbørsmengder over Gaupne frå kl. 12 -14.
Men Vigdal er jo ikkje Gaupne, og på tysdagar regnar det ikkje medan vi er på tur,
så vi bryr oss ikkje om vervarsel.
På parkeringsplassen i Vigdalen møtte vi Gerd og Johan som har hytte i Vigdal og er bedre kjend enn oss andre. Så med dei vart vi 17 stk som rutla av stad. Nett nedom parkeringsplassen måtte vi passere over ei bru for å komme over Vigdøla( heite elva det?)

Og så gjekk vi i lang, lang rekke oppover. Fin sti å gå på, passe temperatur,
litt sol og kanskje nokre dråpar i lufta.

Stien deler seg, så her er skilta til ulike retningar.


På ein liten avstikkar frå stien var vi bortom ein stad som er kalla Bisperøysi.
Her er steinar med ulike inskripsjonar, frå ulike tider.


Her står det nokre bokstavar og 1856, og kanskje 1823 under.
På steinane er det ein del mose, så det er vanskeleg å lesa. Så her skulle
det vore nokre ekspertar og sikra dette for ettertida.
Det er nok ei historie bak denne steinrøysa
så den skal vi prøve å få korrekt og legge inn seinare.
På stølen Breiset hadde vi ei lang og god matøkt, og sola varma godt.


Breiset var stølen til ma. gardane på Saue og Fladhammer i Luster og her er
Fladhammarselet. Dalen som går ned bortom selet er ned til Kilen og Dalsdalen.
Og så kom det mørke skyer og regn. Vi søkte ly der det var å finna.


Og så var det fram med regntrøyer og paraply.


Det regna vel 5-10 min, så letta det og vi vandra videre. Etter litt kom vi til
ny bru over Vigdøla, og her ser vi kor stri fossen går under brua.

Etter at vi paserte brua gjekk vi heimover att og kom til Vigdalstølen.
Her er Turistforeningen si hytte, og vi skimtar Breiset langt borte.



Nett bortom turistforeningshytta ligg Lihansfjøsen. Dette er eit sel som Hans Fossøy
har restaurert. Her er opent og ein kan gå inn å skrive namnet sitt i gjesteboka.
Som ein ser ligg dette trygt plasert mellom murane.


Ein solid kubbestol i Lihansfjøsen.



Litt småblomstrar også på denne turen. Her er Bittekonvall.



Mykje vatn i Vigdalsfossen.



Og ein stille bekk med fargerike steinar i botn.


Etter ein liten køyretur kom vi til hytta til Gerd og Johan.


Han Johan kokte kaffi og vi kosa oss med lappane hennar Gerd, syltetøy og rømme.


Og så var det " Drømmen om Elin"

Utsikten frå hytta. Vegen fer ned til Vigdal. På andre sida ser vi fjellområde
med Hompedalen, som er stølsområde til gardar på Myklemyr.
Så etter ein koseleg kaffipause for vi heim, fornøgde med turen, veret og innsatsen.




















Ingen kommentarer: