tirsdag 21. juli 2009

Nørstedalen


Nørstedalen var målet denne tysdagen, været var ikkje av det aller beste,men tysdag er turdag så me let oss ikkje skremma.
Eller nokon hadde nok vorte skremd av været for me var berre 7 stykker som sette nasen mot Nørstedalen.
Inst i Øyane ser det skremmande ut med dei bratte fjellsidene, men vegen var god og snart var me oppe den verste stigninga, så da var det på med regnkappar, og ta beina fatt.



Fin grusveg å gå på, og mykje å sjå på, det er utruleg kor mykje ein ser når ein går i staden for å kjøra bil.

Bratte fjell og stille små vatn i elva


Blomster var det her og, kva heiter denne tru?

Dette er i alle fall molte!

Kaffirast er viktig, og ein fin heller fant me!

Nokre var inne på att ura over oss ikkje såg spesielt trygg ut, men me vart einige om att i dag låg ho i ro!

Naturen er svært vekslande framover dalen

Med stille vatn

Og sprelske fossar

Og fine bruer

Når me først var i Nørstedalen måtte me ta turen heilt fram til Nørstedalseter


Der vart det kaffi og vafler med rømme og syltetøy....namm nammm


Så var det heimveg, utsikten frå toppen av berget var flott,
men vanskeleg å få rette inntrykket av på bilde.

Ingen kommentarer: