torsdag 3. november 2011

18.10.2011 Tur Engjadalsvegen- Brunestegen

Tur i Gaupne, Engjadalsvegen-Brunestegen.

Vi samlast i Gaupne, køyrde Engjadalsvegen til brua midt oppi bakken og gjekk derifrå.

Brua
Nokre av gjengen har starta på turen, resten kjem bak.



Utsikt til Gaupne


I bakkane ovanom brua har det tidlegare vore gardsbruk, Åberge og Belgen, og kanskje fleire. Skulle gjerne hatt skikkeleg info om dette. Usikker på kva gard denne muren har tilhøyrt.


Her er ein snarveg, eller ein gammal sti.

Er dette eit hus som er bygd saman med ei løe?


I Engjadalen er det ein del løer, sel og hytter.


Oppe ved parkeringsplassen eller vegaskile er det plassert oppslagstavle som fortel om stølane i og rundt omkring Engjadalen.



Vi tok vegen til venstre, den mot Brunestegen. Litt opp i bakkane ser vi ned mot Gaupnafjorden og mot Marifjøra.



Og over på andre sida av dalen ser vi kor vegen går mot Råum.


Mot Flatningane



Vegen oppover



Selet til Åse



Vi starta dagen med lett yr, men på heimturen kom sola.



Endå ei løe?


Det syner på elva at det har regna i det siste.



Ingen kommentarer: