tirsdag 8. november 2011

08.11.2011 Tur Brunestegen-Seljesete, Gaupne

Tysdag 08.11.2011.

Tur i Gaupne, frå Brunestegen til Seljesete.

Endeleg kom tysdagen med strålande vermelding, berre sol over alt. Men som normalt med slik melding, Lustrafjorden låg innhylla i tett skodde. Men vi ville på tur til Seljesete, køyrde oppover mot Engjadalen og kom over skodda og fann sola.

Vi parkerte der vegen slutta på Brunestegen.
Utsikt mot fjella framover mot Leirdalen


Lusterfjorden og Gaupnafjorden er under skodda. Molden og Råaberget stikk opp.



Det vart ganske varmt i solsteiken så her vart første stopp for å få vekk noko kle.



Litt bratt.


Stølen Havåsen med Hest i bakgrunn.


Langt der framme er Seljesete og Rysete.


Seljesete fremst og Rysete lengst borte.


Sola står lågt og gir lange skuggar.




Traktorar set djupe spor i naturen, men frose vatn som speglar himmelen vert fine motiv.


Steinhus nedom Seljesete.


Seljesete med hytter, sel og murar etter gamal fjøs.



Her fann vi fin plass til kaffipause.


Steinfjøs utan tak, sel og hytter.


Tenk at dette er i November, på 800 meters høgd.


Ser ut til at murane i fjøsen er nokså bra, så kanskje det kjem tak her ein gong.



Denne vetle bua eller kva det er ligg attmed fjøsmuren.


Fine hytter.



På veg heimover.


Informasjonstavle.



På heimveg.





Is på vatnet, rim på markene.


Idyllisk parti mot Hest.



Her har vore mykje regn og her er framleis ganske blaut.


Gode skilt.


Sola står lågt og skapar lange skuggar og kaldare lys.


Her ser vi mot Flatningane og Bergheimsnosi og fjella omkring Feigedalen.


Sommarblomstrar i November.


Etter 3 timar ligg framleis skodda over Gaupne men sola skin inn Lusterfjorden og Indre Hafslo. Molden ser ut som den svevar i skyene.


Og her vert siste glimt av Gaupnafjorden, Råaberget, Molden og Indrebygdi.

Nyt solskinet.


Ingen kommentarer: