Så var me fremst i Mørkridsdalen, 17 stk. var med på denne turen
Hyrnavollen heiter det her,
og stien starta bratt, men me starta med godt mot, det skulle bli flatt berre me kom opp sa dei som var kjende
Og det var sant, ein liten bakke og så vandra me langs elva
Og friske fossefall
Men snart var det motbakke att,
Anna var operert i ryggen for kort tid sia , og gjekk heilt opp til Storatjønni og det er imponerande for her var det både bratt og ulendt
Og der var det kaffi og mat
Så var det å skriva seg i turorienterings boka
Dei fleste gjekk vidare
Det var fin sti langs vatnet
Fleire idylliske små vatn gjekk me forbi
Bregneskog var det, skjeldan å sjå så store bregner
Fin sti og flott natur
Flittige fotografar har me med
Og mange fine motiv er det på alle turar
Så bar det på heimtur for dei fleste av oss
På Hyrnavollen venta dei som hadde gått ned att frå Storatjødni
Men fem stykker gjekk vidare til Dulsete
Her er dei kommen heilt fram
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar