Og så vart det jonsokafta og vi drog til Fuglesteg. Litt skya ver, akkurat passe for ein tur i bratta. Nokre av oss hadde vore der før og for andre var dette første gongen. Og vi var litt usikre på korleis vi ville klare denne turen.
I starten hadde vi fin utsikt til Fortun.
Og litt lengre opp var det utsikt innover Fortunsdalen.
Og litt lengre opp var det utsikt innover Fortunsdalen.
Her er vi komne på smal sti oppover bratte bakkar.
Det ser ut til at skogen har hatt harde kår her. Men vi er snart oppe.
Utsikt til Furåsen, nabogarden til Fuglesteg.
Og her har vi Fuglesteg med steinhuset og litt av fjøsen
Vi brukte 1 time og 50 min på turen opp, og det var verkeleg godt med kaffi og mat, og endå bedre å sitja ei stund. Vi ser her Eidsvatnet, Skjolden og Lusterfjorden i bakgrunn. Litt av ein utsikt i kaffipausen altså.
"Kva vil du?"
Invetar i stova i steinhuset.
Kjøkkenet i steinhuset. Her kan turfolk lage seg mat.
Steinhuset og fjøsen er ferdig restaurert, og neste prosjekt er dette huset.
Og så starta vi på heimturen. Her er pumpe for den som vil ha litt vatn.
Krokete trær.
Nedover bratte bakkar, under fjellhamrar ber det. Tek på for stive kne og anklar, men pusten har det bra.
Her er vi komne ned til Vetlåsen. Ein naturleg stopp for å skrive i bok og kvile beina. Her deler vegen seg, så dersom ein vil til Furåsen må ein ta til venstre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar