torsdag 28. august 2014

Torsdag 28.08.2014. Tur i Fortun, frå Ormelid til Nedstestølen.

Torsdag 28 August.
Tur i Fortun, frå Ormelid til vårstølen Nedstestølen.
Her er det ca 100 m høgdeforskjell.
 Det er sti oppover, den er noko attgrodd med gras på denne tida men kyrne
 ryddar litt og det går veldig godt å finna fram når ein veit kor ein startar.
 
 Starta på Ormelid og skal opp til venstre for husa.
 Andreas peikar og fortel.
Det er verkeleg fint å ha med kjentmann som kan fortelja om gardar og historie.
 Sol på Ormelid og skugge i Fortunsdalen.
 Dette er ein spesiell stad, gamle bygningar med både tømrahus og steinstove,
og noko så skjemmande som grøn bølgeblekk og presenning på taket.

 Tørkehuset.
 Skilje mellom innmark og utmark, trur eg det var.
Er det feil så får me retta opp seinare.
 Denne stolpen er av stein.
 Ikkje mykje vatn i denne elva for tida.
 Snart oppe men godt med ein liten pustepause.
 Restane etter stølen til Nedrelid.
 Fantastisk steingard som skil mellom stølen til Ormelid og Nedre Ormelid.
 Begge gardane hadde kvar sitt område rundt stølane som dei slo.
 Same garden videre bortover.
 Stølen til Ormelid, går ein videre oppover i dalsøkket kjem ein til Øvstestølen
 Stølen til Ormelid, mykje murarbeid her og.
 Matpause med utsikt.
 Master oppi syningom, her er jo kraftlinjer rundtomkring.
 Og så er det jo blomstrar her og.

 Nedover att.
 Tørkehuset sett ovanfrå.
 Og Ormelid ligg halveges gøymd bakom skkogen

Sola kjem også i Fortunsdalen.
 Og her slutta turen vår, det er berre å nyta utsikten.

Ingen kommentarer: