torsdag 11. juli 2013

Torsdag 11.07.2013. Tur på Hafslo, frå Rupheim til Fossen.

Torsdag 11 Juli 2013.
Tur på Hafslo, frå Rupheim, forbi Håvardsete og til Fossen.
Fin dag for gåtur, vindstille, litt disigt og passe varmt. Vi køyrde forbi Alme og til Rupheim,
 og gjekk videre på sti til vi kom opp på vegen til Fossen.

 Ein liten fuglunge sprang forvirra omkring,
 den prøvde å fly men var nok ikkje heilt klar for det endå.
 Vegen til Håvardsete og Fossen.
 Langs vegen såg vi mange ulike blomstrar, namn har dei nok men det tek vi ikkje i dag.
 Men fine er dei likevel.

 Brennesle.

 Første glimt av Veitastrandsvatnet, og bortafor ligg Holestølen.
 Fossen.
 Yngsdalen
 Fossen med Yngsdalen i bakgrunn, ned mellom der er Veitastrandsvatnet.
 
 Vi tok det roleg på turen og brukte mest 2 timar hit,
 så mat og kaffi smaka berre heil nydeleg. 
 Yngsdalen, nedlagt og fråflytta gardsbruk.
 Ved vatnet nedom Yngsdalen.
 På heimveg

 Denne heitter Forglemmegei.
 Håvardsete

 
Det er tid for avslapping.

Ingen kommentarer: