torsdag 4. april 2013

Torsdag den 4/4 2013. Tur til Råum i Gaupne.

Første turen i 2013 vart til Råum.
Gåturane er no flytta til torsdagar. Og denne turen vart ein glimrande start med sol, snø og berre heilt nydeleg ver. Vi gjekk frå vegaskilje i Engjadalen og til Råum, ein tur som tek ca ein time kvar veg i vårt tempo. Og så vart det sjølvsagt matpause i tillegg. Her er det berre å nyte den fine naturen, gamle sjarmerande sel og løer og utsikta ellers.
















Ingen kommentarer: