tirsdag 31. juli 2012

31.07.2012 Jostedalen Fagredalen - Holmavatnet

Tur i Jostedal, Fagredalen til Holmavatnet.
Vindstille og mildt, men skodda låg ganske tett i starten.

Me gjer oss klar til turen.

Oppslagstavle med informasjon om Nasjonalparken.

Dårleg sikt men bra sti så går oss ikkje vill her.

Mykje fint å sjå Desse er bitte små men lyser opp i skodda.

Dette er Issoleie, trur me. Veks som små tuver bortetter i bekkefaret.

Her er den på nært hald.
Fin liten blomst, men namnet fann vi ikkje.

Merkeleg korleis terrenget endrar seg når fjella bakom vert borte.

Steinete terreng.



Blåberblomst den siste dagen i Juli, er altså vår her endå.
Snart opp ved vatnet. Vassdraget her er regulert og denne fossen endar rett ned i ein tunnel.

Eit par snøfenner på turen.

Oppe ved Holmavatnet, overgangen til elva og fossen. Ikkje så mykje å sjå i skodda men vi ser at det er snø borti bakkane.

Is på vatnet.

Hytta dukkar fram.



Skodda og skylaget letta og fjella omkring kom til syne.

Holmavatnet attmed hytta. Isen har nett sleppt innmed land. Lure verkeleg på om her vert isfritt dette året?

Litt opningar i isen her og.
Trur dette er kreklingblomst. Uansett er den nydeleg.

Snart blå himmel?

Nett starta på heimvegen og no ser vi bakkane over elva og vatnet.

Og her får vi det første glimt av Fagredalen. Her ser vi heilt til parkeringsplassen på tippen.

Og så fekk vi oppleve vandring på snøfonn i fin sol.

På heimturen kom vi over denne mørke blå planten, finn ikkje namn i våre bøker.

Ingen kommentarer: