søndag 4. juli 2010

Den 06.07.10. Tur til Lærdal. Vindhellavegen - Sverrestien


Denne tysdagen har me lagt ut på langtur, Lærdal -Vindhellavegen - Sverrestien er turen , og så har me vore så heldige å få med oss Per Birger Lomheim som guide, og den karen kan både historien om vegbygging og mykje meir, han song til og med rallarviser til oss.....Me starta ved minnesteinen for den første bilist som køyrde tvers over landet. den 6 august 1901 drog Petrus Willem Scheltemer Beduin på bilsafari frå Amsterdam til "villmarksområdet" Skandinavia. Beduin kom til Kristiania (Oslo) den 25 august. Etter eit par dagar tok han fatt på den "ville" bilturen til Lærdal, der han kom fram den 3 september 1901.Historien om denne turen ligg på sida her.

Me starta som vanleg ved godt mot, litt bratt var det men som røynde vandrarar la me i veg

Snart var me oppe ved Revsdalen og kunne sjå restar av kongevegen frå 1793 i tilegg til den Vindhellavegen som me gjekk på, den vart bygd frå 1837 til 1843 va det militære ved Kapt. Finne.


Flott rekkverk var det, og utsikten var fin her og


Eit imponerande byggverk, som berre vart nytta i 30 år, då kom vegen rundt langs elva, det som no er historisk rute.


Kva er dette ? ein fotograf... Dagbladet var og på tur denne dagen, dei skulle laga repotasje om Vindhellavegen, so no kjem me i Dagbladet og.


Ved smidhelleren song Per Birger rallarsongar til oss




Her ser me tydeleg den eldste vegen , hadde det vore i dag hadde dei vel berre utvida den, me då denne vart bygd skulle den vera ny.

Så var det Sverrestien

Men mat må me ha, og kva kan vel vera bedre enn Kyrkjevollen ?


Eller var det Keisarlunden, her sto skilta tett, ikkje lett å gå seg vekk her nei!


Og snart var me ved Borgund stavkyrkje

Fotografar var det alle stader


Den gamle og den nye kyrkja !


Her gjekk den første postvegen frå aust til vest, heilt frå 1117 skal vist Sverrestien vera

Og jammen sto han kong Sverre der, men han hadde mista sverdet sitt, så det måtte reparerast, og etterpå var det gruppebilde, og jammen virka automatikken og, for å ikkje snakka om ho som prøvde å springa.





Her passerte me ein gard som sikkert hadde vore nytta til utleigehytter , det såg i alle fall slik ut, det sto i alle fall nr. på alle dørar,


Lensmanshola heiter det her

Mykje fine blomstrar var det å sjå
Sjå flugene som er på blomsten

Humle

So gjekk det nedover! frodigt var det her , men trea hadde lite bladverk, så her har det vore åmeangrep..



No ser me ned til vegen,berre nokre høge steg att no så er me nede

Så var rundturen unnagjort



Inne på museumet var det bilde av gamle brua ved oppkjøringen til Leirdalen








1 kommentar:

Henrik Alpers sa...

Hei dere!

Jeg jobber med en sak om norske historiske veier, og i den forbindelse trenger jeg et bilde av Per Birger Lomheim.

Jeg ser dere har mange flotte på siden deres. Er det mulig å låne et av de til saken?

Med vennlig hilsen Henrik Alpers, redaktør i Landevei.

Ta kontakt om noe skulle være uklart!
henrik[æ]landevei.no