tirsdag 28. april 2009

Mollandsmarka


Så var vi samla til tur. Mollandsmarka er målet,
14 stykker var møtt opp.
Vi kjørte opp til kvernhuset på Sie ,og så var det å ta beina fatt,
spennande å sjå om me trefte på alle paddene vi såg i fjor her oppe,
men i år var det berre nokre "slimhaugar" å sjå,
me var der nok ikkje på rette dagen.

Når me var kommen eit stykke utover var det fin utsikt til Hafslo, det var ganske grått vær denne tysdagen, men ikkje ein einaste regndråpe , så det var fint gåvær.

Så var me kommen ut på Fevol, der hadde dei fått seg ein skikkelig solid stol.



Her kunne me og sjå den gamle og nye tid.


Heilt ned på kanten måtte me, der var det fin utsikt til Måsavika der me var i fjor.

Ellers var det ikkje så mykje å sjå av Solvorn, der låg skodda.

Men mat og kaffi vart det no i alle tilfelle,og som du ser av bilda er alle like ivrige til å finna fram det me har i sekkene våre.

Ingen kommentarer: