lørdag 6. desember 2008

Den 1 juli 2008

Langen var målet i dag, me kjørte opp på Høyheim inne på Høyheimsvik ,og gjekk oppover skogsvegen der du kjem opp på Kolstadeggi, men etter eit stykke tek me av ein ny skogsveg og går innover mot ein nedlagd husmannsplass som heiter Langen.
Der var det kaffi og niste.


Flott utsikt var det her og både til Molden og Feigefossen

Den 24 juni 2008

Så var det Indre Hafslo me skulle besøka, me kjørte opp på Oppheim og så tok me beina fatt og gjekk opp på stølen Brekka.

Utsikten var det ikkje noko å seia på her heller, og denne gongen fekk me mange med oss på tur.

Den 17 juni 2008

No var me klar for ein litt lang tur, me kjørte inn i Fortun og så starta me turen opp i Furåsen, varmt og godt var det men me kom oss no opp ein rett fin tur , men litt dårlige bilder, fotoaparatet låg att heime så det vart mobilbilder.


Den 10 juni 2008

Denne dagen såg det litt grått ut med veret, og me bestemde oss for å gå oppover Røneidsvegen, men som vanlig når det er tysdag vert det ikkje regn midt på dagen når me er ute og går på tur.
Me hadde ein rett fin tur frå Røneid og nesten opp til der vegen deler seg til Nystølen og Røneidstølen

søndag 23. november 2008

Den 6 juni 2008

Denne turen gjekk i Gaupne, me kjørte fram til Skytebana og gjekk vidare framover til det ikkje var sti lenger, og me såg bort på Leirmo på andre sia av elva.


To elvar som møtest, artig å sjå fargeforskjellen.
Her ser det ut som det er ein fin plass til kaffi og matpause.


lørdag 22. november 2008

Den 27 mai 2008

Denne turen starta ved Dale kyrkje inne i Luster, me gjekk forbi Hammarslott , Bakkahaugen og opp i Langeteigen der det er vorte nye hus


Om me ikkje hadde gått so langt, so var det bratt og heitt, og rett godt å få settja seg ned å ta ein pause.
Marit hadde kokt kaffi, og me kosa oss rettleg i solskinnet

Etter ein god pause vandra me vidare opp i Urnane der det vart nok ein kaffipause,

Nedatt gjekk me om Krossen og ned Helagota , og jammen vart det kaffi på Lustrabui og.

Den 20 mai 2008


Denne dagen gjekk turen med bil til Luster og fram på Tadlagjerdet i Dalsdalen, der starta me og gjekk fram i Kilen, fin grusveg utan dei store bakkane.
Mange sel og fine murar gjekk me forbi.
Me kom ikkje heilt fram i Kilen for der var det hengelås på grinda, nokon var det no som klatra over muren, men dei fleste snudde og gjekk heim att.