tirsdag 19. april 2011

19.04.2011. Tur på Nes

Ny tysdag og ny tur. Dagen starta med strålande ver, blå himmel med nokre små skyer,

passe temperatur. Vi møttest på rasteplassen på Nes og gjekk oppover grusvegen forbi byggefelt og gardar og videre oppover fin skogsveg.



Fin utsikt innover fjorden frå rasteplassen.
Og her utsikt over fjorden mot Feigefossen.



På Nes er det grøne marker, og bakom ser vi utover fjorden og Molden.



På vegen møtte vi fire hestar, dei nyt godveret.



Ovanom gardane har vi utsikt ned til kyrkja og mot Feigefossen.




Her har det visst gått i surr, ser ut som ein einaste vase.



Litt blaute spor fører til hopp og sprett.



Maurtue med stor hovedinngang.



Tett skog.



Tid for mat og nokre omtenksame sjeler har laga supre "benker" til oss.



Det er turt på Nes, vi såg ingen bekker på vandringa vår,

men ettersom rennande vatn jo er et "must" så fann vi nokre sildrande dråpar.

Lyden røpa staden.


Grøne planter er eit fint vårtegn.



Nyfriserte sauer høyrer vel og våren til.



Vi kan vel sei at det gror fint på greinene her.



Skikkeleg fin gamal steingard eller gjerde i brattaste bakkane.

Må ha vore litt av ei bragd å laga denne.



Busetnad på Neshøgdi, gardar og byggefelt.



Vi avslutta turen med utsikt mot Molden og Eikjastrondi.


































onsdag 13. april 2011

12.04.11. Tur på Mollandsmarki

Tur nr 2 denne sesongen gjekk til Mollandsmarki. Dagen starta med regn og drittver.

Det er likevel noko ekstra med tysdagar, så skyene forsvann smått om senn,

sola dukka fram og det vart reine påskestemninga.

Vi starta på Molland, og her er det fin utsikt utover fjorden.

Og rikeleg med snø.


Husa her ser ut som dei ligg heilt på kanten, men det er nok eit bedrag. I bakgrunn ser vi Urnes.
Garden nermast her er Molland og bakom ruvar Molden


Passasjerbåten kryssar fjorden til Urnes, ferja er på årleg vedlikehald.


Kvernhuset på Sie.


Snøsmeltinga er godt i gong, her er rikeleg med vatn.

Men det ser ut som vatnet kjem rett ut or snøen og forsvinn under snøen att.
Påskestemning og perfekt turver.
Heitte det Øygarden her tru?
Snøsmeltinga vert til vatn, om nokre veker er det vel paddesesong her.
Nedi ei grøft ved vegen.
Hafslovatnet. Isen smeltar.
Fevoll. Her endar vegen, vi hadde tenkt oss ned på ein mur nedom husa

men det var litt mykje snø og vi hadde låge sko.
Maurtue dukka fram or snøen.
Er denne ferdig med vinterjobbinga?
På vandring heimover.
Molden til venstre og Krokafjella til høgre.
Og her ser me Kroken på andre sida av fjorden.
Eit siste glimt av fjorden og Urnes

tirsdag 5. april 2011

05.04.2011 Gaupne Engjadalen

Meininga var å gå frå Engjadalen til Råum denne første tysdagen, men på grunn av isete veg var det start i Gaupne og så gjekk me oppover Engjadalsvegen,det var ein fin veg å gå på no etter att det er vorte grusveg att. Første skiltet me kom til var Judassvingen og der kunne me gå opp sandvikberget, men det får vera til seinare , for der var det og snø

Benkar er sett ut, og skilt er det i alle svingar


Iskunst

Og vatn

Tre med ein vanskeleg oppvekst


Og så fin utsikt!!!!!



Kaffipause er viktig!



Det var nokon som ymta frampå att me hadde fått med ein Kinesar !!!!!!!

tirsdag 1. mars 2011

Gåturar i 2011

No er det på tide å tenke på oppstart av Gaoturane.... den 5 april startar me , Annemor og Berit har no sett opp lista, Me startar forsiktig med lette turar på dei grusvegane som er "taoe" ta med mat og drikke og møt opp.