tirsdag 18. august 2009

Tur til Seljesete


Så var det tysdag att, me kjørte opp i Engadalen vidare opp på Brunen, og så tok me beina fatt.
Litt stigning var det i starten, men det gjekk bra

Det var ikkje lenge før det flata ut, fotografane var i full gang, her ser me ned på stølen Havåsen


Vidare gjekk me gjennom Trolldalen, skal tru om det er trollet sin bustad me ser her!


Eit fint lite fuglebad trefte me og på!


Så kan me sjå fram på Seljesete!!!!!!!


Der fekk me oppvartning med nykokt kaffi og framifrå god kake

Og me sette oss i solveggen og tykte livet var verd å leva,
tenk kor heldige me er som får gå slike turar..............


Frå Seljeset kunne me sjå fram på Rysete som er neste støl..........
Det var fint å sjå kyrne ligga å slappa av og sauene breka rundt oss....
Det var nett som i gamle dagar når det var liv på alle stølar.

Dei hadde vore flinke å ordna på sela sine her, og teke vare på dei gamle skåta....






So var me kommen ned att på Brunen, og me måtte ta turen bort til masta å skriva oss i boka.......

tirsdag 11. august 2009

Tur i Heljedalen


Me starta med friskt mot, sjølv om været ikkje viste seg frå si beste side.
Me parkerte på parkeringen ved bommen rett før hyttene, der er det fin grusveg å gå påTo Susanna hadde me med oss denne dagen

Susanna og Inez kappast om å få passa Zorro

Så kjem dagens spørsmål .....Kva er dette? vi trudde det var ein slags Vier, men eg har søkt på internett, og det stemmer ikkje med blomster og bær/nøtter.

Er det nokon der ute som har svar er eg takknemelig for ein komentar.


Me gjekk inn Heljedalen til bekkeinntaket eit par svingar oppover mot bandet, og der var det kaffi og mat,


Blåbær var det og plukka, og når me kom heim vart det blåbærpai

Denne fant eg på internett ... navnet var Skrubbær eller Cornus suecica

Snart kunne me sjå tilbake på Heljedalen og plassen der me hadde teke nista vår

tirsdag 4. august 2009

Tur gamle kyrkjevegen Jostedal kyrkje - Sperle

Denne tysdagen var været på vår side att, og me starta med godt mot frå Jostedal kyrkje
Forbi prestegarden der det var mykje fine blomster, både kjende og ukjende.

Overalt var det blomster

Snart kom me til eit skilt som viste til skulehuset, det låg rett opp i bakken over prestgarden


Her var blåbæra modne, så det vart litt plukking..

Fin veg var det å gå på, og snart var me ved Sankt Olavs kjelda


Den måtte me no stoppa å sjå på, og så fant me på att me skulle stikka ein stav ned i holet for å sjå kor djupt det var, og det var artig for då bobla vatnet opp,


Men me måtte vidare, fine steingjerder var det og å sjå på.



Snart var me kommen bort til grusvegen, og fant ut att me var vorte mykje sprekare enn me var i 2007 når me starta med gåturar, den gongen tykte me det var langt nok å gå denne biten, men no vart det for kort, så me fortsette oppover til Nedreli dette er vist bruk nr.1 Garden

Der hadde dei ein fin jordkjellar som såg ut som den framleis var i bruk.Men me ville vidare og snart var me oppe i Halveg, der vart det onna på gammalt vis med hesjer, det er ikkje så ofte ein ser lenger



No var det på tide med ein rast, og me fant oss nokre steinar og sette oss og kosa oss med mat og kaffi


Tytebær var det og å sjå men det var nok alt for tidleg for dei enno

Så gjekk me forbi ein gard som eg ikkje hugsar kva heiter og kunne sjå fint bort på vårstølen til dei i Åsen, der er det nok for bratt for oss å komma oss opp same kor spreke me tykkjer me er vorte.


Her ser me ned att på Sperle, og der står bilen til Torunn og ventar på att me skal komma ned att, jammen trur eg Jostedølene har sikra seg i tilfelle det vert flaum att, i alle fall står det ein båt klar langt ute på marka..............