torsdag 28. august 2014

Torsdag 28.08.2014. Tur i Fortun, frå Ormelid til Nedstestølen.

Torsdag 28 August.
Tur i Fortun, frå Ormelid til vårstølen Nedstestølen.
Her er det ca 100 m høgdeforskjell.
 Det er sti oppover, den er noko attgrodd med gras på denne tida men kyrne
 ryddar litt og det går veldig godt å finna fram når ein veit kor ein startar.
 
 Starta på Ormelid og skal opp til venstre for husa.
 Andreas peikar og fortel.
Det er verkeleg fint å ha med kjentmann som kan fortelja om gardar og historie.
 Sol på Ormelid og skugge i Fortunsdalen.
 Dette er ein spesiell stad, gamle bygningar med både tømrahus og steinstove,
og noko så skjemmande som grøn bølgeblekk og presenning på taket.

 Tørkehuset.
 Skilje mellom innmark og utmark, trur eg det var.
Er det feil så får me retta opp seinare.
 Denne stolpen er av stein.
 Ikkje mykje vatn i denne elva for tida.
 Snart oppe men godt med ein liten pustepause.
 Restane etter stølen til Nedrelid.
 Fantastisk steingard som skil mellom stølen til Ormelid og Nedre Ormelid.
 Begge gardane hadde kvar sitt område rundt stølane som dei slo.
 Same garden videre bortover.
 Stølen til Ormelid, går ein videre oppover i dalsøkket kjem ein til Øvstestølen
 Stølen til Ormelid, mykje murarbeid her og.
 Matpause med utsikt.
 Master oppi syningom, her er jo kraftlinjer rundtomkring.
 Og så er det jo blomstrar her og.

 Nedover att.
 Tørkehuset sett ovanfrå.
 Og Ormelid ligg halveges gøymd bakom skkogen

Sola kjem også i Fortunsdalen.
 Og her slutta turen vår, det er berre å nyta utsikten.

lørdag 23. august 2014

Torsdag 21.08.2014. Tur på Indre Hafslo, frå Bruheim til Martamyr.

Torsdag den 21 August.
Tur på Indre Hafslo, frå Bruheim til Martamyr.
 
 
 På veg oppover frå Bruheim.
 Utsikt frå vegen. Me trur at oppå toppen til venstre er Sønnesynstølen.
Vegen frå Bruheim deler seg to gonger. Først veg til venstre til Skisete med sideveg til Sønnesynstølen, og så veg til venstre til Dalestølen. Til høgre kjem ein til Seljesethovden og Martamyr. Oppover her er mange fine hytter.

 Sønnesynstølen langt der borte.
 Frå hyttefelt og nedover dalen.
 
 Haustfargane kjem. Utsikt mot Indrebygdi.

 Mot Gaupnafjorden.
Regnet kom sjølvsagt då me skulle ha matpausen vår,
 han Kjell dukka opp og fekk samla oss under tak. 

31.07.2014. Tur på Hafslo, frå Rupheim til Håvardsete og Fossen.

Torsdag den 31. Juli.
Tur på Hafslo, frå Rupheim til Håvardsete og Fossen.
På denne ture gjekk nokre til Fossen medan to tok vegen til Håvardsete.
 Bilete frå Fossen manglar endå, men kan hende det ordnar seg.
 
 Litt tunge skyer, men etter all tørken som har vore denne sumaren så var dei velkomne.
Fin grusveg heilt fram til Fossen så dette er ein fin stad for gåturar.
 
 Håvardsete frå vegen på nedsida.
 Første selet vi kom til på Håvardsete.
 Fleire sel, hytter og løer samla.
 Steingardar og gamle gygningar.
 Same bygningane frå andre kanten.

 Nytt tak på gamalt bygg.
 
 Utsikt mot Årøy og Storhogen langt bak.
 Utsik mot Lusterfjorden med Ornes-Kinsedal bakom, trur eg.
Mørke truande skyer nerma seg då me for heimover.

24.07.2014. Tur i Gaupne, frå Brunestegen mot Seljesete

Torsdag 24 Juli.
Tur i Gaupne, frå Brunestegen mot Seljesete.
Det var jo meininga å gå til Seljesete
men det var voldsomt varmt så me stoppa i tide, fann me ut.
 
 Utsikt til Gaupnafjorden.
 Desse var det mange av rundt omkring.
 Ikkje mykje snø att på Hest heller, varmen tærer.
 Fint å sjå litt vatn på vegen.
 Matpause i litt skugge.
 Utsikt mot Havåsen.
 Og mot Seljesete og Rysete.
 Me kunne skimta nokre bygg langt borte i retning Indre Hafslo,
 zooma inn og fann ut at det må vera Saupsete.
 Seljesete ein gong til.
 Ein redd krabat på tur.
 Noko av nye vegen til Havåsen m.m.
Stor aktivitet i lufta.