torsdag 26. september 2013

26.09.2013. Tur i Fortun, til Ormelid.

Torsdag den 26 September 2013.
Tur i Fortun, frå Fortunsdalen til Ormelid.
Perfekt haustver for dagens tur, skugge nedi dalen, rim på marka, sola skin på toppen og kjem oss i møte etter kvart som vi ruslar oppover. Her er grusveg heilt fram, noko bratt innimellom, litt bratt og flat andre stader. Spanande natur med stupbratte fjell i mange fargenyansar, skog med varierande haustfarger. Nedre Ormelid låg i skuggen då vi gjekk opp og i strålande solskin då vi gjekk nedatt.  Ormelid var målet for dagens tur, der skein sola og vi hadde ei fin stund med matpakkane våre og ein snedden kar vi fann på vegen og som fortalde om garden. 14 "spreke fruer" hadde ei fin stund på dagens tur.


































torsdag 19. september 2013

19.09.2013. Tur til Fodnastølen i Gaupne.

Torsdag den 19. September 2013.
Tur i Gaupne, med bil frå Kalhagen til "Vassinntaket", og gåtur derifra til Fodnastølen.
 
 Det har regna siste dagane, så her er det rikeleg med vatn.
 Fint å gå på skogsveg.
 Utsikt over dalen, mot Vigdalen lengst inne.
 Trø på dei rette steinane og du kjem tørr over her og.
 Fodnastølen i sikte.

 Skal nok over her, ja.
 
 Matpause.
 Gamle sel og nye hytter.
 Og her er det bok til å skriva seg inn i.
 Viktig med god tilgang på vatn på stølane.



 Stort ope stølsområde. Langt bak ser me solskin på Flatningane og
bakom der er Sørheimsfjella og Lambamyri.
 Det vart jo litt sol både på oss og sauene.

 Roten trestubbe står som ei statue i skogen.
 Og sopp og diverse andre planter finn ein stad å slå seg ned.
Og så var turen over for denne gong.